NRK Meny
Normal

– Ungdom treng nokon å snakke med

KRONIKK: Barn og unge som slit skal ha nokon å snakke med. Difor ynskjer eg at helsesyster skal vere oftare tilgjengeleg for dei som treng ein prat, rettleiing eller anna hjelp.

Mobbing

SLIT PSYKISK: Mange barn og unge slit psykisk. Sats på helsesystertenesta, skriv Vilde Tøfte Øvstetun i denne kronikken. Illustrasjonsfoto.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Logo valkronikk

Eg ser tilbake på dei fyrste åra i livet mitt med glede. Sjølvsagt opplevde eg ting som var ilt, ting som eg gjerne skulle vore forutan, ting som eg sjølv i dag får ei merkeleg kjensle i magen av å tenkje på. Men eg var frisk, psykisk frisk. Og det er eg glad for.

Men alle er ikkje like heldige som meg. Ikkje alle kan sjå tilbake på barndomen med eit smil om munnen. For realiteten i dag er at 15-20% av born mellom 3 og 18 år har nedsett funksjon i dagleglivet på grunn av psykiske plagar som angst, depresjon og åtferdsvanskar. Og personar med psykiske vanskar i barne- eller ungdomsåra har auka risiko for å oppleve psykiske plagar og lidingar seinare i livet. Berekningar viser at depresjonar kostar staten over 44 milliardar kroner årleg i tapt arbeidsinntekt og sjukefråvær. Det gjer vondt i hjarta når eg les at den mest vanlege dødsårsaka mellom unge menn i Noreg er sjølvmord. Visste du at Noreg toppar sjølvmordsstatistikken i Europa?

Vondt å lese

Dette er tal og statistikkar som gjer ilt i hjarta å lesa. Dette er lesing som gjer meg uroa for dagens unge, for korleis dei skal klare seg, og for korleis samfunnet skal hjelpe dei. Dette er lesing som verkeleg viser kor viktig det er å fokusere på psykisk helse. For meg er det svært viktig å setje debatten om psykisk helse på dagsorden. Mange før meg har vore opptekne av dette, og me har komme eit stykke på veg, men me har langt att. For sjølv kor mykje me fokuserer på og diskuterer dette temaet, er det tomme ord utan handlingar.

Over alt ein snur seg i dagens samfunn ser ein stereotypar eller idealtypar som ein bør etterstrebe å likne på.

Vilde Tøfte Øvstetun

Over alt ein snur seg i dagens samfunn ser ein stereotypar eller idealtypar som ein bør etterstrebe å likne på. I magasin, reklamar, filmar og generelt på nettet finn ein tips og råd for korleis gå ned i vekt, korleis sminke seg som Kim Kardashian eller korleis ein bør ete for å få den same kroppen som Ronaldo. Det eg vil fram til er ikkje at ein ikkje skal gi tips for å gå ned i vekt. Dette kan vere hjelpsamt for einskilde. Eg seier ikkje at ein ikkje skal vise korleis ein kan sminke seg for å likne på Kim Kardashian, nokon ynskjer faktisk å sminke seg slik som kjendisane. Eg seier ikkje at ein ikkje skal vilje ete slik som Ronaldo. Ronaldo et nok heilt sikkert sunt og godt. Det eg vil fram til er at det trengst ei haldningsendring i samfunnet. Det skal vere greitt og akseptabelt å sjå ut akkurat slik ein gjer. Det skal vere greitt å ha litt ekstra rumpe, ete litt snop i ny og ned eller å la vere å trene ei stund dersom ein rett og slett ikkje orkar eller har tid.

Alle har ansvar

Her har me alle eit stort ansvar. Me har eit ansvar fyrst og fremst for å godta den me faktisk er. Me har også eit ansvar for å lære barna våre å elske seg sjølv, å godta at folk er forskjellige, at det er ok å vere god i noko og mindre god i noko anna, og at andre kanskje er flinkare enn oss i eitt eller anna. Me må lære å fokusere meir på det positive. Å sjå det positive i andre, og ikkje minst i oss sjølve.

Me har eit ansvar for å lære barna våre å elske seg sjølv, å godta at folk er forskjellige, at det er ok å vere god i noko og mindre god i noko anna.

Vilde Tøfte Øvstetun

Det å vere usikker på seg sjølv kan i lengda skape både psykiske og fysiske problem. Dersom ein ikkje er glad i seg sjølv, i den kroppen ein har og den utsjånaden ein har fått, kan ein mellom anna utvikle alvorlege sjukdomar som anoreksi, bulimi og andre psykiske plagar.

Mange born og unge der ute går rundt med ein konstant klump i magen fordi dei føler at dei ikkje er gode nok, fine nok eller flinke nok. Og det er slettest ikkje greitt.

Mobbing

Ifølgje elevundersøkinga frå 2014 viser det seg at 3,9% av elevane i den norske skulen opplever mobbing kvar dag. 15,1% opplever krenkingar to til tre gonger i månaden, eller meir. Dette er ein nedgang frå dei førre åra, men målet bør absolutt vere at undersøkinga skal vise at 0% av elevane vert mobba. Mange vil nok kanskje tenkje at dette er naivt. Men det skal vere lov å vere litt naiv av og til. Og som me veit: Mobbing fører ofte til psykiske vanskar.

Når ein ser kor stor prosentdel av barn og unge mellom 3 og 18 år som slit med psykiske vanskar, er det lett å forstå at ein må komme tidleg inn for å hjelpe dei som treng det. Tidleg innsats kan spare både dei som er råka og familien rundt dei for mykje smerte seinare i livet. Ei av hjartesakene mine er at barn og unge som slit skal ha nokon å snakke med. Ofte kan det vere enklare å snakke med ein utanforståande om det som plagar ein, enn med familie og nære vener.

Helsesyster tilgjengeleg

Difor ynskjer eg at helsesyster skal vere oftare tilgjengeleg for dei som treng ein prat, rettleiing eller anna hjelp. Då er det ikkje hjelp i at kontortida åt helsesystera er kvar måndag frå 9-12. Å setje slike restriksjonar på når ein kan prate med helsesyster gjer ikkje dette til eit lågterskeltilbod.

Fokuset på psykisk helse har blitt betre, men me har framleis ein lag veg å gå. Eg håpar at alle der ute kan hjelpe meg å setje temaet meir på dagsorden i framtida. Og til slutt: Aksepter deg sjølv som du er, og dei rundt deg som dei er. Alle er forskjellige, og den skilnaden må me omfamna og akseptera.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser