Gulen kommune har ikkje råd til å bruke amulansebåten meir for dermed å berge ein eigen ambulansebåt for Gulen. Det er Staten ved Helse Førde som har ansvaret for at folk på øyane har eit forsvarleg ambulansetilbod, seier ordførar Trude Brosvik.
– Når vi skal transportere vårt helsepersonell er vi avhengige av å gjere det på billegaste måte, seier Brosvik.
I dag tok Trude Brosvik imot 2256 underskrifter frå folk som bur på øyane i Gulen, frå hyttefolk og båtfolk som ferdast i området og som er avhengige av ein ambulansebåt som kan rykke ut kjapt når noko skjer. (Sjå "Opprop for ambulansebåt".) For Helse Førde vil ikkje lenger at Gulen skal ha eigen ambulansebåt.
Gulen brukar båten mindre
Terje Olav Øen - foto Jostein Nyfløtt NRK
I framtida skal Solund og Gulen dele ein båt med Solund som stasjoneringsstad, meiner Helse Førde. Ei av årsakene er at Gulen dei siste åra har brukt ambulansebåten stadig mindre og dermed bidrege mindre økonomisk, seier ambulansesjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.
– I dag er det vi som sit med det store forbruket og dermed størstedelen av kostnaden, seier Øen.
Uakseptabel utrykkingstid
Det er lensmann Henry Indrebø i Gulen som har teke initiativet til underskriftsaksjonen for eigen ambulansebåt i Gulen.
– I Oslo og Bergen skal dei helst ned i ei utrykkingstid på ni minutt, medan her skal vi nærme oss nitti som det var for 30 år sidan. Det kan vi ikkje finne oss i, seier Indrebø.
Ikkje for dyrt
Trude Brosvik: Tre millionar er ikkje for dyrt. NRK-foto.
Det vil koste tre millionar kroner dersom Gulen framleis skal få ha ein eigen ambulansebåt. Ordførar Trude Brosvik er ikkje samd i at det er for dyrt.
– Staten er nøydd til å innsjå at dei har ein del kommunar som består av øyar, og der kan dei ikkje behandle folk dårlegare enn i resten av landet, seier Brosvik.