Hopp til innhold

– Skulerapporten er mangelfull

Rapporten som Kunnskapsdepartementet la fram i går om kvaliteten på dei vidaregåande skulane er mangelfull og byggjer på gamle tal, seier leiar Karianne Torvanger (Ap) i hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane.

Karianne Torvanger i fylkestinget

– BYGGJER PÅ GAMLE TAL: Leiar Karianne Torvanger (Ap) i hovudutvalet for opplæring meiner rapporten frå Kunnskapsdepartementet har liten verdi.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sju av ti vidaregåande-skular i fylket kjem under landssnittet på Kunnskapsdepartementet sin landsomfattande kvalitetsskala.

Dårlegast kjem Høyanger ut med karakteren 2,4, der seks er høgast. Firda vidaregåande skule på Sandane kjem best ut av skulane i fylket med 3,9. Landssnittet er 3,1. Måløy vidaregåande skule og Sogn jord- og hagebruksskule har av ein eller annan grunn ikkje kome med i rapporten.

– Vi skal framleis vere stolte over at vi har ei god opplæring i Sogn og Fjordane, blant dei beste i landet. Den rapporten som Kunnskapsdepartetmentet har lagt fram er mangelfull, den byggjer på gamle tal, og den gir ikkje eit fullstendig bilete av korleis situasjonen er, seier Karianne Torvanger.

Saman med fylkesdirektøren for opplæring, Bekka Skaasheim, har ho i dag sendt ut ei pressemelding der dei konkluderer med at Sogn og Fjordane over ei tid har vore blant dei beste fylkeskommunane både når det gjeld eksamensresultat og fullføring av vidaregåande opplæring.

– Ikkje noko godt verktøy

Rapporten frå Kunnskapsdepartementet bidreg ikkje til ny eller auka kunnskap om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, meiner dei.

Karianne Torvanger viser mellom anna til at Sogn og Fjordane har mange yrkesfaglege elevar, og at rapporten difor slår skeivt ut. I tillegg byggjer analysen på elevane som gjekk ut av grunnskulen i 2008-2009.

– Så det rapporten seier noko om er resultatet det eine året, for det eine årskullet som er målt. Rapporten vil ikkje vere noko godt verktøy for oss å bruke vidare. Vi i Sogn og Fjordane har nyare og betre data som vi sjølv aktivt brukar for å betre kvaliteten. Det er uheldig for skule-Norge å få slike undersøkingar som har så mangelfulle data.