Det er Senterpartiet sitt forslag om å late kommunane få behalde meir av skatteinntektene som får FrP-politikaren til å reagere. Kvalsviks poeng er at forslaget først og fremst vil tene tettbygde kommunar.
100 millionar meir
Med sine djupe røter i bonderørsla og utkantene har ikkje Senterpartiet for vane å bli kalla et byparti, men det er nettopp det Frp sin førstekandidat no gjer. For Jostein Kvalsvik går hardt ut mot Liv Signe Navarsete (Sp) sitt forslag. Senterpartiets forslag vil gje kommunane i Sogn og Fjordane kring 100 millioner meir å rutte med.
Liv Signe Navarsete er naturlegvis usamd med Jostein Kvalsvik i at Senterpartiet er blitt et byparti. Men ho vedgår at forslaget vil favorisere dei store byane.
Mest til Florø
- Skilnaden mellom FrP og Sp sin politikk er at vårt forslag vil gje alle kommunane ein inntektsauke. Men det er eit poeng at dei store vil få mest. Hornindal vil til dømes få to millionar kroner og Florø vil få 23 millionar, seier Liv Signe Navarsete.