Hopp til innhold

– Rett av regjeringa å trekkje framlegget

At regjeringa skrinlegg framlegget sitt om søndagsopne butikkar blir møtt med jubel frå fleire kantar. Også stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i Høgre, ein av dei fremste forkjemparane for dette her i fylket, har no gjort heilomvending.

Coop Extra og Rema 1000 i Sogndal

BLIR IKKJE SØNDAGSOPE: Regjeringa legg vekk framlegget sitt om full liberalisering av søndagsopne butikkar, men likevel ønskjer dei meir av det.

Foto: Montasje: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den blå regjeringa har innsett at dei ikkje får fleirtal for søndagsopne butikkar. Den nye kulturministeren Linda Hofstad Helleland seier at det ikkje er fleirtal på Stortinget for ei full liberalisering av søndagsopne butikkar, og at ho difor har lagt framlegget i ei skuffe.

Trude Brosvik

NEGATIV: Trude Brosvik i KrF vil ikkje ha meir søndagsope.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er glad for at dei vel å lytte til folket. Eg ville vore veldig overraska viss Høgre hadde vald å trumfe gjennom dette framlegget, men eg er litt avventande til kva andre modellar dei eventuelt vil komme med, seier fylkesleiar i KrF Trude Brosvik, som heile vegen har vore sterk motstandar.

Først var han for - no er han mot

Framlegget til regjeringa har møtt massiv motstand frå fleire hald, både i folket, men også politisk. I regjeringspartiet Høgre har det vore stor splid i saka.

Fylkespolitikar Bjørn Hollevik (H) skreiv dette på Facebook torsdag kveld: «Eit klokt val av den nye kulturministeren vår!».

Samstundes har Bjørn Lødemel, Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, kjempa for søndagsopne butikkar og meint at dagens ordning er uryddig. No stiller han seg likevel bak regjeringa sitt val.

– Eg tykkjer det er klokt av regjeringa å ta dei signala som er komne gjennom høyringane, seier han.

– Du har sjølv vore positiv. Er du no skuffa?

– Nei det er eg ikkje. Det er delte meiningar om dette og her er ulik behandling ved at nokon får halde ope og andre ikkje. Det var bakgrunnen for å sjå på dette, men eg tykkjer det er greitt det som skjer no.

– Du har jo tidlegare sagt at mange av motargumenta ikkje held mål. Har du snudd heilt i saka?

– Nei, det har eg ikkje. Det er mange argument som eg trur kanskje ikkje hadde stått seg om det vart gjennomført, men eg har stor respekt for at folk er imot dette, og eg synest regjeringa har gjort eit klokt val. No får ein ro i denne saka og det trur eg alle tener på, seier Lødemel.

Meiner dagens ordning er god nok

Sjølv om regjeringa no går tilbake på framlegget sitt, ønskjer dei likevel meir søndagsopne butikkar. Brosvik er skeptisk.

– Eg meiner den mellomløysinga vi har i dag fungerer, der vi har søndagsopne butikkar før jul mange stader og at ein har det i turistkommunar, seier ho.

Geir Espe i Coop Vest

GODT NOK I DAG: Det meiner administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Foto: Silje Guddal / NRK

Også administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, er glad for at regjeringa har snudd.

– Vi har heile tida vore tydelege på at søndagsopne butikkar ville vore veldig skadeleg, særleg for distriktsbutikkane våre. Vi ville fått auke lønskostnader og det ville blitt tøffare å drive, men det ville ikkje blitt auka omsetnad, så dette er gledeleg, seier han.