Hopp til innhold

– Pass på vindretninga under rakettoppskytinga

Kva er vel nyttårsaftan utan rakettar? Det er meld kraftig vind og regn onsdag kveld, men rakettane uteblir nok ikkje. Vêret bør likevel vere i tankane dine.

Magne Igland

TA OMSYN: Brannsjef Magne Igland ber folk vere varsame med oppskyting av rakettar.

Foto: Flora brannvern

Det seier brannsjef i Florø, Magne Igland.

– Tenk på vindretninga og bruk verneutstyr

Frå klokka 18 i kveld er det meldt sørleg stiv kuling langs kysten, og på Stad vil det blåse opp til liten storm i løpet av ettermiddagen. Dette er viktig å ha i mente når du skal skyte opp rakettar.

– Det er viktig å ta omsyn til kva vindretning det er slik at ein unngår skade der rakettane landar. No er det meldt ein del vind til kvelden, så dette er noko folk må passe på, seier Igland.

Vinden skal ikkje vere eit problem i seg sjølv, ifølgje Igland, men det er viktig å jamleg vurdere faren. Utover dette er det viktig å ta vare på tryggleika overfor seg sjølv og andre, seier brannsjefen.

– Bruk verneutstyr, og då altså vernebriller, seier han.

Rakettforbod i sentrum

I Florø skal dei ha fellesfyrverkeri rundt klokka halv ni på kvelden nyttårsaftan, men vinden skal ikkje setje ein stoggar for dette.

– Det vil ikkje vere noko problem i høve til retninga for det vert skote opp på Fugleskjerskaia, så når vi har sørleg retning vil ikkje det vere eit problem.

Igland meiner at folk i Florø er flinke til å ta omsyn til tryggleik når dei skyt opp rakettar. Dei har ifølgje han ikkje hatt nokre skader i høve til oppskyting dei seinaste åra. Han trur at fjerninga av dei gamle rakettane har mykje av æra.

– Men sjølvsagt går det an å ta omsyn med tanke på rakettane i dag også, seier Igland.

I Florø er det innført forbod mot at private skyt opp rakettar i sentrum. Også i Lærdal er det innført rakettforbod på Lærdalsøyri.