NRK Meny
Normal

– På høg tid med krav til cruiseskip

Sjøfartsdirektoratet har i dag lagt fram ein rapport der det kjem ei rekkje framlegg som skal få ned utsleppa frå cruiseskip i norske fjordar. – Det var på tide, seier Anders Fretheim i Flåm.

Cruisebåtar i Flåm

MANGE ELDRE SKIP: I Flåm er mange av cruiseskipa som kjem så gamle at dei ikkje har reinsesystem for NOx.

Foto: Anders Fretheim

Han har i ei årrekkje ytra seg kritisk til dei mange forureinande cruiseskipa som kjem inn Aurlandsfjorden og legg seg til nokre hundre meter frå garden hans. No gler han seg over at det skjer noko.

– Sjølv om det kjem langt på overtid så er det sjølvsagt gledeleg. Men det skulle berre mangle, og no håpar eg at det kjem fortgang i arbeidet, slik at vi får sjå resultat av det ganske kjapt. Dette er vi glade for vi som bur her inne i fjordane og har sett på denne galskapen nokre år.

Cruiseskip i Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Aurlandsfjorden har rapportert inn aktivitet for at Sjøfartsdirektoratet kan kartlegge miljøpåverknad frå cruisenæringa.

– Alt for mange «skranglekassar»

Anders Fretheim

– GLEDELEG MED KRAV: Gardbrukar Anders Fretheim i Flåm.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Om krava blir vedtekne av styresmaktene vil mellom anna eldre skip utan reinsesystem for NOx bli nekte tilgjenge til cruisehamner som Flåm og Olden. Fretheim seier at det er mange av desse som kjem inn fjorden i dag.

Eg meiner det er plenty av dei. Vi trekkjer til oss alt av gamalt materiell, fordi vi ikkje har nokon krav. Det er for mange av dei. Til no har det ikkje vore vilje til å nekte desse å kome. Seinast i går var det to «skranglekassar» her som låg og dura heile dagen. Det er ikkje noko bra.

Ni krav

Her er dei framlegga til krav som Sjøfartsdirektoratet har lagt fram for Klima- og miljøverndepartementet:

  • Krav om at skip skal ha reinsesystem som reduserer utslepp av NOx
  • Berre tillate bruk av drivstoff med lågt svovelinnhald
  • Synleg utslepp av røyk frå skip skal oppfylle krav til gjennomsiktigheit
  • Det blir rapporteringskrav for alle skip som går inn i verdsarvfjordane
  • Redusere talet på skipsanløp totalt eller per dag/veke
  • Fastsette maksimal fart i definerte soner for å redusere drivstofforbruk og utslepp
  • Forbod mot utslepp av scrubbervatn
    Olav Akselsen

    VIL VERNE MILJØET: Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

    Foto: Steinar Haugberg
  • Forbod mot utslepp av gråvatn
  • Forbod mot utslepp av kloakk, både ureinsa og reinsa

– Dette er konkrete tiltak som både vil verne miljøet i fjordane, og samstundes gjere skip som trafikkerer store delar av norskekysten meir miljøvenlege. Vårt inntrykk er at cruiseskipsnæringa og kundane deira oppfattar miljøkrav som ein naturleg og positiv del av verksemda, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.