Hopp til innhold

– Økonomisk vald mot kvinner har blitt eit stadig større problem

– Økonomi har blitt ein måte å kontrollere og trakassere kvinner på.

Tove Smaadahl

– KUAR PARTNEREN: Enkelte menn brukar økonomi som middel for halde kontrollen i forholdet, seier Tove Smaadahl.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Bankkort

MINIBANK-KORTET: Kvinnene har minibankkort, men det er gjerne mannen som disponerer det, seier Krisesenteret.

Foto: colourbox.com / colourbox.com
Nettbank

NETTBANKEN: Kvinner som blir utsette for økonomisk vald er gjerne fråtekne kontrollen over sine egne konti.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX
Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

SER MEIR ØKONOMISK VALD: Wenche Hovland ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Walter Høivik.

ÅTVARAR: Forsvarar Walter Høivik fryktar det kan menn kan bli offer for justismord i saker der det er påstander om økonomisk vald mot kvinner.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det seier leiar Tove Smaadahl i Krisesentersekretæriatet. Dei ser stadig oftare at menn tek kontroll over kontoar og bank-kort for å kue partnaren.

Ein mann frå Sunnfjord er no tiltalt for å nekte kona pengar slik at ho gjekk fleire dagar utan mat.

Krisenteret merkar auke

Hos Krisesenteret i Sogn og Fjordane meiner leiar Wenche Hovland å ha sett ein klar tendens til at økonomisk vald har auka i omfang dei siste åra.

– Kvinnene får rett og slett ikkje nok pengar til mat. Dei får ikkje nok til å kjøpe det mest nødvendige dei treng. Dette her er grov vald. Valden har mange uttrykk. Det er ikkje berre fysisk vald som er vald. Kvinner som lever så kontrollert er fysisk terroriserte, seier Hovland.

Har ikkje eigen økonomi

Hovland viser til at kvinnene som oppsøkjer krisesenteret gjerne ikkje disponerer eigne pengar. Dei har eit bankkort, men det er gjerne mannen som disponerer det. Han har også kontrollen over nettbanken.

– Dei er totalt avhengige av mannen økonomisk, seier Hovland.

Fryktar førehandsdøming

Ein sunnfjording i 50-åra står tiltalt for grov mishandling og trakassering av kona, i over 20 år. Mannen skal ha nekta kona både mat og pengar over fleire dagar, skreiv VG tysdag.

Mannen sin forsvarar, Walter Høivik seier klienten ikkje erkjenner straffskuld.

– I slike saker blir ein veldig lett førehandsdømd. Det inneber at han må ta denne tiltalen heilt på alvor og førebu ei bevisførsle som skal gi grunnlag til å svekke tiltalen mot han, seier Høivik til NRK.

Utanlandske kvinner

Hovland ved Krisesenteret i Florø meiner fleire ekteskap mellom utanlandske kvinner og norske menn er årsaka til auken av økonomisk vald. Ho får støtte av leiar i Krisesentersekreteriatet, Tove Smaadahl.

– Vi har jo erfart spesielt dei siste ti åra at svært mange utanlandske kvinner som er gifte med norske menn ikkje kan nok verken om ekteskapslova eller dei rettane dei har, seier Smaadahl.

Og den økonomiske valden rammer ikkje kvinnene åleine.

– Det aller verste som eg opplever, er når kvinner fortel at barna ikkje får nok mat, seier ho.

Åtvarer mot justismord

Når saker om økonomisk vald havnar i retten blir det ofte ord mot ord. Forsvarar Walter Høivik åtvarar på generelt grunnlag at slike saker kan ende i justismord.

– Det har vist seg i praksis at her skjer det relativt ofte justismord. Det vil seie at ein tar ut ein tiltale og vedkommande blir dømd på grunnlag av den eine parten si framstilling av forholda, seier advokaten.

Dette blir avvist hos Smaadahl i Krisesekretæriatet.

– Nei. Eg absolutt ikkje erfaring med at dette er noko justismord overfor mennene. Den erfaringa vi har er at kvinnene ikkje har vore klar over kva dei har skrive under på, og konsekvensene av dette, seier Smaadahl.

Kan halde fram i årevis

På Krisesenteret i Florø får kvinnene hjelp, men økonomisk vald er noko som kan halde fram i mange år etter at opphaldet hos Hovland er avslutta.

– Kvinnene sit med stor gjeld som mannen har påført dei. Det kan vere menn som har oppretta firma i kvinna sitt namn. Og når kvinna flytta ut, så gjer han det han kan for å øydeleggje for henne.