Hopp til innhold

- Mishandla kona over 20 år

Mannen i 50-åra skal ha nekta kona mat og pengar over fleire dagar, utsett henne for vald og truga henne på livet.

No er mannen tiltalt for ei rekkje tilfelle av vald, truslar, tvang og andre krenkingar i ein periode på 20 år, skriv VG.

- Han har også nekta henne mat og pengar over fleire dagar av gongen, og kasta henne ut av bilen deira slik at ho har måtte gå heim, heiter det i tiltalebeslutningen.

Nektar straffskuld

Saka er beramma til oktober. Strafferamma er seks års fengsel. Forsvararen til mannen, Walter Høivik, seier klienten hans nektar straffskuld.

- Han meiner skuldingane er uriktige, og at han ikkje har gjort noko straffbart, seier han til avisa og meiner tiltalen er bygt på påstandar frå kvinna.

- Spørsmålet er kven ein trur på, seier han.

Vart lagt vekk

Bistandsadvokaten til kvinna, Robert Fonn, seier politiet tok tak i saka på eiga hand etter at ho ba om besøksforbod. Saka vart opprinneleg lagt vekk, men vart påklaga. Etter ny utarbeiding vart det teke ut tiltale.

- Dette er vanskelege saker, som det er utruleg viktig at politiet grip tak i, seier politiadvokat Inger Beth Fosse ved Sogn og Fjordane politidistrikt.