– No er Eid akkurat slik som Barcelona. Vi har fått strand heilt inn i sentrum og så er Eidsgata og Tverrgata som ein gamleby. Eg har vore i Barcelona og den kombinasjonen av strand og gamleby er svært sentral der, seier varaordførar i Eid Eli Førde Aarskog.
Laurdag vart Sagaparken offisielt opna på Nordfjordeid. Det nye parkanlegget som inneheld både ei universelt forma ut badestrand, sandvolleyballbane, trim- og leikeapparat og andre aktivitetstilbod, har tatt fleire år og 17,5 millionar kroner å byggje. Aarskog er stolt over at parken no er opna.
– Det var ei stor glede, folk er veldig nøgde. No har vi endeleg nådd målet og kan ta parken i bruk. Dette blir ei stor byutvikling. I tillegg til Sagaparken skal det kome både leilegheiter, Sagastad, Noregs største vikingskip og Nordfjords største kjøpesenter på Nord-Øyrane.
– Gratulerer Eid
Rune Larsen tjuvstarta og tok i bruk parkanlegget då han var ute og padla i kajakk dagen før den store opninga. Han meiner parken er vel verdt prislappen.
– Det er heilt fantastisk. Eg var innom her i går i kveld og, då var det mykje folk her og ein fantastisk solnedgang. Gratulerer Eid, tenkte eg. Denne parken er verdt kvar einaste krone.
Også Synnøve Merethe Johnsen nytta parkområdet til kajakkpadling dagen før opninga. Ho er einig i at det nye anlegget ser bra ut.
– Det har blitt ekstremt fint. Eg har gått nokre turar, og det er alltid folk her. I dag var det kjekt å kome inn med kajakken og sjå litt på den siste finpussen før opninga i morgon.
– Signaturutsikt
Det var varaordførar Aarskog som laurdag opna det nye parkområdet på Nord-Øyrane på Eid. Ho fortel at det er slutten på ein lang prosess som starta då strandstaden Nordfjordeid mista kontakten med fjorden på 1960-talet.
– Folk har alltid snakka om det, og for om lag ti år sidan starta ein å planlegge og snakke om det på ein annan måte. No kan alle gå i ein flott moderne park nede ved fjorden. Den er alle sitt felleseige og folk kan få bade og hygge seg. I tillegg kan ein no nyte signaturutsikta ut Eidsfjorden på ein annan måte. Den er heilt spesiell for oss.