Hopp til innhold

– Meir enn kva vi kan drøyme om

Folk lovprisar det vakre haustvêret. Smaken av sommar gjev godt humør og betre effektivitet, skal vi tru dei NRK har møtt.

Endre Myklebust og Erik Seime

NYT SOLA: Endre Myklebust (til venstre) og Erik Seime byggjer hus på Sandane. Målet er tett tak i løpet av veka, før regnet kjem.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi er komne langt ut på hausten, så å få dette vêret er heilt ideelt for oss som byggjer hus, seier snikkar Erik Seime.

NRK møter byggmeisteren i eit stillas i eit byggefelt på Sandane. Dei som har arbeidskvardagen sin utandørs veit betre enn nokon at varmen og sola er bonus på denne tida av året.

– Det kunne vore stiv kuling, regn og er du skikkeleg uheldig, sludd også. No er det vindstille og opp mot tjue grader, samanfattar byggmeisteren, kledd i t-skjorte.

I går var Fureneset blant dei varmaste stadane i landet med 20,7 varmegrader.

Daniel Arnestad Dyrnes jobbar i Gloppen kommune.

I T-SKJORTA: Daniel Arnestad Dyrnes rakar lauv i berre t-skjorta. Det er ikkje vanleg i slutten av september.

Foto: Silje Guddal / NRK

Konklusjonen frå byggeplassen er at alt er betre utan regn. Materialet er tørt, humøret på topp, arbeidet vert rett og slett meir effektivt.

På luftetur i varmen

Med ei god jakke og pledd over beina vert Brita Skinlo frakta rundt i sykkeltaxi.

– Dette er fint. Vi har hatt mykje regn, så det er ikkje stort vi har fått vore ute, seier Brita Skinlo.

Det er Gloppen omsorgssenter som disponerer sykkelen, og Biniam Kidane har teke ho og ein annan frå omsorgssenteret med på tur i haustsola.

Binia Kidane og Brita Skinlo

SYKLAR I SOLA: Med ein sykkeltaxi får Brita Skinlo og Biniam Kidane ein frisk tur i den uvanleg varme septemberdagen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi må berre nyte det. Dei er mykje inne, så ein ser kor glade dei blir av å få frisk luft. Eg merkar det sjølv, kor godt det er å kome ut, seier Kidane.

Ingenting varar evig

Natt til måndag var det nesten tropenatt i Tafjord og fleire andre plassar i landet. Fleire plassar har gradestokken bikka tjue grader onsdag rundt lunsj, opplyser Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Kva er årsaka til det flotte vêret?

– Det ligg eit lågtrykk aust for Norge, og det gjer at vi på vestlandet ligg i le for fuktig luft, så no er det Austlandet som har litt meir skya vêr og nedbør, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Men ingenting varar evig, heller ikkje ein smak av sommar i september.

– På laurdag kjem det inn ein front inn, som gjev skya ver, litt lågare temperaturar og nedbør, seier statsmeteorologen.