Hopp til innhold

– Må få kontroll med jerveproblemet

– Jerven sine herjingar i Sogn og Fjordane må stoggast. Viss ikkje har vi som har ansvar for rovvilt svikta bøndene, seier Noralv Distad som er leiar i rovviltnemnda.

Noralv Distad

FRYKTAR STORE TAP: Noralv Distad som er leiar i rovviltnemnda meiner ein no må få kontroll på jerveproblema i Sogn.

Foto: Montasje: Vidar Gudvangen/BBC / NRK

– Dersom ein ikkje lukkast med å ta ut jerv så fryktar eg at det blir store tap. Eg er veldig uroleg for den situasjonen og eg må seie at eg føler med alle dei som driv i sauenæringa.

I fjor tok jerven 850 sauer berre i Sogn. Det er meir enn nokon gong tidlegare, og framleis er rovdyra i fjella.

– Eg er veldig uroleg for den situasjonen og eg må seie at eg føler med alle dei som driv i sauenæringa.

Alvorleg

Sjølv om bøndene har fått lisens til å skyte ti jervar, og Statens naturoppsyn har vore ute med helikopter for å jakte på rovdyret i vinter har dei så langt ikkje klart å felle ein einaste jerv.

Dette er eit alvorleg problem meiner Distad, særleg dersom dei som har ansvar for rovvilt i Noreg ikkje klarer å hjelpe bøndene med å bli kvitt problemet.

– Dersom vi no ikkje lukkast med å få til ei forvaltning som gjer at vi kan oppfylle Stortinget sitt vedtak om at vi skal ha beiteprioritet i dette området her, så sviktar vi forvaltninga, og det er ein alvorleg situasjon.

Vil effektivisere jervejakta

Hundrevis av drepne sauer i eit fylke som Stortinget har vedteke at det ikkje skal vere jerv.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H)

VIL EFFEKTIVISERE JAKTA: Miljøminister Tine Sundtoft

Foto: Stein Schinstad / nrk

Då miljøminister Tine Sundtoft vitja Årdal, varsla ho at dei no vil ta grep. Dei vil gi bøndene lov til sjølv å jakte på rovdyra med ekstra hjelpemiddel som snøscooter og å sette ut jervebåsar.

– Vi ynskjer å gjere meir gjennom lisensfelling av rovdyra i dette området, og vi varslar no nye tiltak for å få meir effektiv lisensfelling, seier Sundtoft.


Noralv Distad trur dette er eit steg i rett retning, sjølv om det er eit år fram i tid.

– Lisensjakt er eit viktig verkemiddel, men då må det bli lettare å drive lisensjakt og eg er glad for det er ting på gang der. Det lukkast ein ikkje med til denne sesongen, men det blir til neste sesong, seier Distad.