Hopp til innhold

Lødemel får kritikk frå eigne rekkjer

Det er gryande misnøye i Høgre med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

MEINER HAN HAR GOD STØTTE: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fleire lokale tillitsvalde meiner han er utydeleg, usynleg og vag.

NRK har ringt rundt til ei rekkje lokale Høgre-tillitsvalde i fylket. Det kjem fram ei veksande misnøye med deira eigen stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel. Fleirtalet er nøgde, men eit mindretal er svært kritiske.

– Veldig utydeleg

Karl-Eric Melander trekte seg som leiar i Førde Høgre då Lødemel vart renominert til Stortinget.

– Han er veldig usynleg her i fylket, iallfall. Det blir berre vist til at ting ikkje er utgreidde. Han har veldig lite direkte synspunkt på framlegg som kjem opp. I den første fireårsperioden hans skjedde det i grunnen ingenting, og eg var veldig imot at han skulle stå på topp igjen.

Han meiner Lødemel burde vere tydelegare, anten han støttar regjeringa eller er imot dei framlegga som kjem.

Ingrid Astor

ETTERLYSER VILJE: Tidlegare fylkesleiar Ingrid Astor.

Melander er ikkje åleine i sitt syn. Fleire NRK snakkar med er kritiske, utan å ville stå fram med det. Og heller ikkje dei som støttar Lødemel er heilt nøgde.

Etterlyser meir engasjement

Ingrid Astor frå Høyanger er ein nestor i partiet. Ho var fylkesleiar på åttitalet (1986-1990). Ho etterlyser meir vilje og engasjement frå Lødemel

– Han er veldig redeleg, men eg veit ikkje om han heilt får fram at dette er noko han verkeleg vil. Han bør vere veldig bestemt på at han vil fylkets eige beste. Måten han gjer det på har svært mykje å seie.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

– LITT FOR UTYDELEG: Ordførar Morten Hagen (H) i Vågsøy.

Foto: NRK

– Litt for utydeleg i media

Ordførar Morten Hagen i Vågsøy kunne også tenkje seg meir av Lødemel.

– På mange område gjer Bjørn ein god jobb. Eg veit han jobbar hardt for interessene til Sogn og Fjordane på Stortinget. Så er det nokre saker eg synest han er litt for utydeleg på gjennom media.

Han siktar til eit intervju med Lødemel i avisa Firda tysdag, der det var utydeleg om han ville kjempe for AMK-sentralen i Førde. Etter å ha fått kritikk frå Førde-ordførar Olve Grotle, gav Lødemel eit nytt intervju med Firda der han lova å jobbe for sentralen.

– Gode tilbakemeldingar

Bjørn Lødemel seier at han lyttar til den kritikken som kjem.

– Ein kan alltid forbetre seg, slik er det med meg og. Når det kjem konstruktiv kritikk prøver eg å rette meg etter den. Men vi har nettopp lagt bak oss eit fylkesårsmøte med stor stemning, med gode debattar og mykje god politikk vart vedteke.

– Eg fekk også mange gode tilbakemeldingar, og der vedtok vi samrøystes eit fylkestingsprogram. Så eg føler at eg har god støtte i Høgre.

Grøne sertifikat

Lødemel seier at han for tida jobbar med ei rekkje saker som er viktige for Sogn og Fjordane.

– Det handlar om Førdepakken, E39, Vikafjellet, ferjeavløysing og fylkesvegmidlar og å jobbe for Hemsedal som aust-vest-samband. Det er mykje eg jobbar med og som skal bli bra for vårt fylke.

Det han personleg er mest nøgd med er saka om grøne sertifikat.

– Vi har fått rydda opp i denne tragiske saka der Senterpartiet svikta 170 småkraftverk, der vi etter eitt år i regjering fekk det på plass slik at dei fekk det dei var lova. I vårt fylke er det over 30 småkraftverk som no får grøne sertifikat, og det har ein verdi på fleire hundre millionar kroner.