Hopp til innhold

– Livssituasjonen til utviklingshemma er uakseptabel

– Mange menneske med utviklingshemmingar har ikkje det livet dei skal ha. Dei får ikkje dei tenestene dei treng, dei får ikkje besøk av vener, medisineringa er farefull. Det seier leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemma, Jens Petter Gitlesen.

Jens Petter Gitlesen

UAKSEPTABELT: Leiar i Norsk forbund for Utviklingshemma Jens Petter Gitlesen,

Foto: NRK

Han slår no alarm om situasjonen for utviklingshemma i Norge. Det er på tide at samfunnet vaknar, seier han.

Helsetilsynet har i ein ny rapport funne lovbrot i 45 av 57 kommunar. Fleire av kommunane har svikta med potensielt alvorlege følgjer for brukarane sin livskvalitet og helse

– I det heile teke er livssituasjonen deira uakseptabel, det seier leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemma, Jens Petter Gitlesen.

– Tilfeldige tenester og farefull medisinering

Direktør i Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen er overraska over alvoret, og meiner det må bli slutt på tilfeldige tenester og at lite utdanna personale skal ta vare på dei svakaste i samfunnet.

– Det er avdekka svært alvorlege brot på regelverket. Tenestene er prega av vilkårlegheit.

Direktør Jan Fredrik Andresen

ALVORLEG: Direktør i Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Andresen etterlyser ein overordna debatt om korleis tilbodet til utviklingshemma er organisert, når så mange kommunar sviktar i tenestene til dei.

Situasjonen har vore ille i fleire år

Norsk Forbund for Utviklingshemmede seier liknande rapportar har kome tett dei seinare åra.

Forbundet meiner situasjonen er dårlegare no enn på 90-talet då kommunane tok over ansvaret for utviklingshemma. Gitlesen ber politikarane både lokalt og nasjonalt om å få opp auga:

– Vi har kjent til situasjonen, tre tidlegare tilsyn fortel at situasjonen er akkurat like ille. Deter eit problem at i kommunestyra er det få som kjenner til sektoren, og eit system der dei styrande ikkje kjenner til det som dei skal styre, vil aldri bli styrt godt. Framover krevst det mykje sterkare statleg styring.