Hopp til innhold

– Lærdal kan få 50 cruiseskipsanløp i året

Dersom Lærdal kommune satsar, kan dei første cruiseskipa legge til kai der alt i 2018.

Ole Heggheim og Arthur Kordt i Lærdal

LOVAR LIV OG RØRE: Styreleiar Ole Heggheim i Cruise Venture As og dagleg leiar Arthur Kordt i Turistutviklling AS.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

To representantar for cruisenæringa var torsdag i Lærdal for å informere kommunestyret om kva ei satsing på cruisekai kan ha å seie. Styreleiar Ole Heggheim i Cruise Venture As og dagleg leiar Arthur Kordt i Turistutviklling AS. Kordt seier at dei kan tilby rundt 50 cruiseskipsanløp i året.

– Det er fullt oppnåeleg innan ein relativt kort tidshorisont, og det representerer ein omsetnad på rundt 100 millionar kroner totalt i området her, inkludert avgifter. Og så skaper det liv og røre, seier Kordt.

Cruisekai i Lærdal (planar)

ALTERNATIV HABBEN: Den eine løysinga er ein såkalla SeaWalk utanfor damskipskaien i Lærdal.

– Flott og stolt tradisjon

Han seier at ei skikkeleg kailøysing er ein føresetnad for å få anløp av cruiseskip.

– Dagens cruisepassasjerar må gå i land. I Cruise Venture har vi funne opp ei kailøysing som er fullverdig, men som det er mogeleg å finansiere gjennom drift, til skilnad frå ein vanleg betongkai.

– Kvifor Lærdal?

– Det er det veldig lett å svare på. Lærdal har ein flott og stolt tradisjon, og tilbyr alle dei attraksjonane som Sognefjorden har, men på ein litt annan måte. Og det er plass til fleire. Og Lærdal kan fint fungere som avlastning for Flåm.

Cruisekaiplanar i Lærdal

ALTERNATIV VED LÆRDAL HOTELL: Ved begge løysingane har passasjerane kort veg inn til Lærdalsøyri.

Foto: Cruise Venture

– Utan offentlege tilskot

Han meiner ein cruisekai kan betale seg sjølv om det blir gjort på rett måte.

– Dersom Lærdal kommunestyre vil er vi klare med dei ti første anløpa i 2018.

Styreleiar Ole Heggheim i Cruise Venture seier at det er mogeleg å byggje kaien utan at det trengst offentlege tilskot.

– Pakken vi tilbyr innheld ikkje berre ein kai, men ikkje minst ei turistutvikling og ei marknadsføringspakke. Og den virkar. Då Oddvar Røysi fekk i stand cruisehamna i Skjolden, greidde vi å auke talet på anløp radikalt over ein periode.

Han seier at prisen på kaien vil avhenge av kva løysing som blir valt, men i dokumenta blir det operert med ein kostnad på rundt 40 millionar kroner.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) synest det var spennande det som vart presentert.

– Og så likar eg måten kommunestyre tilnærmar seg desse planane på. Men for å nå måla våre må vi jobbe fort.

– Kor realistisk er det at det kjem ein SeaWalk i Lærdal?

– Det er iallfall meir realistisk enn det var i går.

Kåre Mentz Lysne

POSITIVE TIL PLANANE: Gruppeleiar Kåre Mentz Lysne (Ap) seier eit samrøystes kommunestyre vil gå vidare med planane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Treng aktivitet på dagtid

Kåre Mentz Lysne (Ap) synest og det er spenstige og spennande planar.

– Kommunestyret har no diskutert det i eit lukka møte, og eit samrøystes kommunestyre går inn for at vi får ei nærare utgreiing frå Lærdal Næringsutvikling, der vi får fram både dei positive og negative sidene.

Han meiner det er viktig at meir av reiselivsaktiviteten i Lærdal skjer på dagtid.

– Reiselivet her i Lærdal baserer seg mykje på bussturistar som kjem om kvelden og reiser att om morgonen. På dagtid er det nesten tomt her på Øyri. Vi må sjølvsagt få fram også dei negative konsekvensane av ei cruisesatsing, men vi i Arbeidarpartiet er positive til at vi ser vidare på det.