Hopp til innhold

Større og færre - bra for miljøet

I dag klappa det gigantiske cruiseskipet «Britannia» til kai i Flåm. Og store, men færre turistskip er godt nytt for miljøet i fjordbygda.

Cruiseskipet Britannia på veg til kai i Flåm

STORT SKIP I LITA BYGD: Det blir fleire større cruiseskip i Flåm, men totalt sett færre anløp. Her er «Britannia» på veg til kai onsdag morgon.

Foto: Jan Christian Jerving

Cruiseskipa vert skulda for å stå for store miljøfiendtlege utslepp. Men større skip og færre anløp kan betre på dette, seier hamnesjef John Erik Johnsen i Flåm.

– Det er ein tendens som er lik i heile landet. Eg ser at vi har 16 skip på over 100.000 tonn. Skipa blir større, og det blir sjølvsagt også færre skip. Og dei nyare skipa har mykje betre reinsing av avgassane. Det merkast, og det ynskjer vi velkomen.

Strengast i verda

Dagleg leiar Sandra Diana Bratland i Cruise Norway seier at strengare reglar i Norge gjer at mange reiarlag sender dei mest forureinande skipa til andre delar av verda. Frå årsskiftet er det forbode å segle med drivstoff som inneheld meir enn 0,1 prosent svovel.

Norske hamner sør for Ålesund har no saman med Baltikum, Karibia og Nord-Amerika dei strengaste restriksjonane i verda for slike skip.

Britannia og Marco Polo i Flåm

TO SKIP SAMSTUNDES: «Britannia» ved kai, medan «Marco Polo» legg seg til ankers utanfor.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Nær 5000 passasjerar

«Britannia», som i går var i Olden på jomfruturen sin, har rundt 4000 passasjerar med seg.

I Flåm er det onsdag i tillegg eit mindre skip - «Marco Polo» - med 900 passasjerar, så det er mildt sagt folksamt. Det er kø av folk som vil ta turen med Flåmsbana til Myrdal. Ein del av dei skal sykle nedatt.

Cruiseturistar i Flåm

STRØYMER I LAND: Passasjerar frå «Britannia» på veg mot Flåm stasjon og toget til Myrdal.

Foto: Jan Cristian Jerving

Flåm guideservice driv med rib-båtar på fjorden. Dei har fire båtar, og alle desse er fullbooka heile dagen.

Britannia og rib-båtar i Flåm

KLARE FOR FJORDTUR: Fire rib-båtar ligg klare og ventar på passasjerar frå «Britannia».

Foto: Jan Christian Jerving