Hopp til innhold

– Kvar er ryggrada til Arbeiderpartiet i gruvesaka?

Senterpartipolitikar Viggo Leikanger frå Naustdal kjem med ei kraftsalve mot Arbeidarpartiet, som no er i ferd med å snu i gruvesaka.

Viggo Leikanger

LANGER UT MOT ARBEIDARPARTIET: Viggo Leikanger er gruppeleiar for Senterpartiet i Naustdal.

Foto: Privat

– Kan industripartiet Arbeidarpartiet no plutseleg vende tommelen ned til 170 kjernearbeidsplassar, med ringverknadar kanskje 500 nye industriarbeidsplassar i fylket, spør Leikanger.

Arbeidarpartiet har i ei årrekkje vore blant dei ivrigaste forkjemparane for gruvedrift i Vevring i Naustdal. Sjølv om det er planlagd å dumpe overskotsmassane i Førdefjorden til protestar frå miljørørsla, reiselivet og sjømatnæringa.

I ferd med å snu

Frå vere blant dei fremste forkjemparane, er partiet no i ferd med å snu. Før årsmøtet komande helg seier eit fleirtal i fylkesstyret no nei til fjorddeponi.

Kristin Maurstad, Solveig Willis, Hilmar Høl

I FERD MED Å SNU: Fleirtalet i fylkesstyret i Arbeidarpartiet seier no nei til fjorddeponi

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Viggo Leikanger må få lov å meine det han vil, det kan ikkje eg gjere noko med, seier fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

Industrimannen frå Årdal høyrer til mindretalet i fylkesstyret som framleis er for gruveplanane i Vevring.

Hilmar Høl

ER FRAMLEIS FOR: Fylkesleiar Hilmar Høl tilhøyrer no mindretalet i fylkesstyret som framleis er for gruveprosjektet i Vevring

Foto: Oddvin Aune / NRK

– Med min industripolitiske bakgrunn så har eg vore for Engebøprosjektet heilt sidan starten, men Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har 2000 medlemer og det er plass til både tilhengarar og motstandarar så får vi sjå kva årsmøtet kjem fram til.

Nestleiar Solveig Willis er ein av dei som har endra meining i saka. NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med ho onsdag kveld. Ho har tidlegare understreka at det er planane om fjorddeponi ho er i mot.

– Ut frå eit føre-var-prinsipp så har eg landa på at deponi ikkje er noko god løysing. Privat jobbar eg i oppdrettsnæringa, så der er ein sterk skepsis til korleis det vil påverke den aktiviteten vi driv med.

– Handlar mest om omdøme

– Farane ved sjødeponi er sterkt overdrive, for sjømatnæringa er det mest omdømme som kan verte skadelidande. Og det er motstandarane som skaper det omdømet, seier Leikanger.

Til helga er det årsmøte i Arbeidarpartiet, då vil det syne seg kva fløy som vinn fram.