Hopp til innhold

– Kontrollvarsling er ein trussel for både trafikktryggleik og konkurransevilkår

Det meiner både Norges Lastebileierforbund og yrkessjåførane sjølve. No vil dei at varsling av kontrollar på sosiale medium skal få konsekvensar for arbeidstakarane.

Varslar kontrollar av tunge køyretøy

SKUFFANDE: 22.500 er medlem av Facebook-gruppa «Varslingstjenesten for Tungbilsjåfører», som varslar om kontrollar av tungtransport.

Foto: Stein Inge Stølen / NLP

Geir A Mo, administrerende direktør i NLF

VIL HA SLUTT: Administrerande direktør i Norges Lastebileierforbund (NLF), Geir A. Mo, liker dårleg at kontrollar vert varsla.

Foto: Braata, Espen / Braata, Espen

– Viss du varslar om ein kontroll, bidreg du til at trafikkfarlege sjåførar og køyretøy slepp unna, seier administrerande direktør i Norges Lastebileierforbund (NLF), Geir A. Mo til lastebil.no.

Frå 2015 til 2016 vart talet på kontrollar utført av Statens vegvesen auka med om lag 30 prosent, etter at dei fekk 40 millionar kroner ekstra til å utføra kontrollar.

I takt med auka av kontrollar, vart det ei kraftig auke i varslingar av desse kontrollane på Facebook. Den største av desse gruppene heiter «Varslingstjenesten for Tungbilsjåfører» og har over 22.500 medlemmar.

Konsekvensar for jobben

Kontrollane av store køyretøy vert utført av Statens vegvesen og politiet. Vegvesenet har fått med seg at mange varslar om kontrollane på sosiale medium.

Kjell Bjørn Vinje

IKKJE FOR MORO SKULD: Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Statens vegvesen, seier dei ikkje gjer kontrollar av tungekøyretøy for moro skuld og at dei vil få verstingane av vegane.

Foto: Knut Opeide

– Vi ser på det med stor uro og har sett ei auke i varslingane. Det er ei undergraving av det livsviktige arbeidet vi gjer for å betra trafikktryggleiken på vegane i Norge, seier Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Statens vegvesen til NRK.

– Det er vel knapt ein kontroll i landet som ikkje er varsla om på sosiale medium, legg han til.

Lars M. Johnsen er leiar i Norsk Transportarbeiderforbund, som er fagforeininga til yrkessjåførane. Dei har kravd fleire kontrollar og likar dårleg at folk varslar mot dei.

Lars M. Johnsen

Lars M. Johnsen, leiar i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF).

Foto: Ketil Kern / NRK

– Vi anbefaler bedrifter å ta diskusjonen om dei kan få inn eit punkt om varsling av kontrollar på sosiale medium. Om det er i arbeidskontrakten og arbeidstakaren bryt med dei retningslinjene, kan det i verste fall bety at ein vert oppsagt, seier Johnsen.

På kontrollane vert det sjekka blant anna om kviletida er i orden, rus, tekniske manglar og om eit firma driv med sosial dumping.

Tidlegare i år vart ein utanlandsk sjåfør utvist frå Norge i to år, etter å ha juksa med kviletida. Juksing med kviletid gjer at det vert ulike konkurransevilkår og dei som ikkje held seg til regelverket kan levera lågare pris.

Vil ta verstingane

Kommunikasjonsrådgjevar i Norges Lastebileierforbund, Stein Inge Stølen, trur tidspress er ei forklaring for varslingane.

– Mange varslar nok med ein kortsiktig tankegang om at varsling av kontrollar kan spare andre sjåførar tid, men det er ikkje alltid kontrollane tar lang tid og dei er der for luka ut verstingane, seier Stølen til NRK.