– Vi ønsker å ta politikarane med oss for å vise dei området. Når vi kjem ut på sjøen ser vi lettare kvar det har gått ras i fjellet. Det vil vise kor mange ras som har gått og kor bratt det er, seier Kurt Hafstad.
Han er med i ei arbeidsgruppe på seks personar som jobbar for tunnel ved Heilevang på Fylkesveg 609. Det har gått 46 ras på strekninga på under tre år. Kommunen har invitert fylkespolitikarar på synfaring langs vegen, men no tek altså arbeidsgruppa alle med ut i båt.
Då vil dei fortelje fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) og leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes (Sp) om eigne opplevingar på vegen. Hafstad har møtt på ras tre gonger, men har aldri vorte treft.
– Eg måtte berre snu og køyre tilbake. Den eine gongen såg eg mange bilar køyre framføre meg, men når eg kom til området der det vanlegvis går ras, låg det store steinar i vegen, seier han.
Les meir om ras ved Heilevang:
- LES OGSÅ: David mista nesten livet - likevel er ikkje vegen farleg nok
- LES OGSÅ: Geolog meiner einaste løysinga er tunnel
- LES OGSÅ: To ambulansar hindra av ras
- LES OGSÅ: 46 ras på under tre år
– Kan ikkje vente på store ulukker
Hafstad seier at dei ikkje er direkte redde, men at dei føler seg mykje meir usikre enn før.
– Det er eit tankekors at rasa vert mindre og mindre føreseielege. Før var det slik at om det regna mykje måtte vi vere på vakt. Men no kjem rasa når det er tørt, når det er frost, og dei kjem når det regner.
– Det går jo stort sett bra, men vi tykkjer det er veldig synd om vi må vente til det skjer store ulukker. Vi meiner at noko må gjerast, seier Hafstad.
Vil ha tunnel
I dag vil dei vise fram området til fylkespolitikarane. Følling og Menes vil få med seg ei bønn etter båtturen.
– Vi vil be om at dei undersøker kva dei kan gjere i dette området. Det må skje noko. Det er veldig uforsvarleg at bilistane skal køyre på ein sopass utrygg veg som denne har vorte etter kvart, seier Hafstad.
Arbeidsgruppa har eit sterkt ønske om at ein tunnel vert bygd i området. Helst vil dei ha tre kilometer gjennom fjellet. Rassikring held ikkje, meiner aksjonistane.
– Dei har sikra for ras fleire gonger, men same kor mykje dei gjer det, så kjem det nye ras. Det kjem også ras på nye stadar. Det mest fornuftige er å setje i gang med tunnel, seier Hafstad.
Nummer seks på prioriteringslista
I regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023, som vart vedteke av fylkestinget i desember, ligg Heilevang på sjetteplass på prioriteringslista.
Det er opp fire plassar frå 2012, men kan likevel bety at pendlarar på strekninga må vente svært mange år før ein tunnel kan verte ein realitet.
Sogn og Fjordane har fått ei ramme på 487 millionar til skredsikring i perioden 2014-2017.
Glad for initiativet
Varaordførar i Askvoll, Kjell Kristian Carlsen (Sp), er glad for båtturen arbeidsgruppa har teke initiativ til.
– Vi vil få mykje betre oversikt enn vi hadde fått frå vegen. Dette er vi veldig nøgde med, seier Carlsen.
Han vil som aksjonistane fortelje fylkespolitikarane kor farleg vegen er.
– Rasfrekvensen har auka veldig dei siste åra. Det er farlegare enn tidlegare å køyre vegen. Vi vil jobbe for å få rassikring høgare opp på prioriteringslista.
Varaordføraren vil ikkje nødvendigvis krevje tunnel.
– Det viktigaste for oss er ein sikker veg. Om det vert i tunnel eller på andre måtar vil vi no la fagfolk vurdere.