Hopp til innhold

David (23) mista nesten livet – likevel er ikkje vegen farleg nok

I snitt går det opptil fleire ras kvar einaste dag langs norske vegar. David Vagstad (23) vart nesten drepen då bilen hans vart sopa rett på fjorden. Men det vil truleg gå fleire tiår før ulukkesstaden blir rassikra.

David Vagstad tilbake der han kjempa for livet

KJEMPA FOR LIVET: Medan det framleis rasa frå fjellsida klarte David Vagstad på mirakuløst vis å kome seg ut av bilen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg fekk ikkje noko forvarsel. Plutseleg blei vindauga på bilen dekte av mold og skit. Før eg fekk tenkt noko meir gjekk bilen kast i kast i fjorden, fortel Vagstad.

Dei vonde minna er frå sommaren i fjor. Tidleg føremiddag sette han seg i bilen for å køyre frå Askvoll til Sogndal med ei skuleoppgåve. I pøsregn gjekk viskarane på bilen for fullt.

Etter ein liten halvtime bak rattet vart alt heilt svart.

– Eg kunne ha døydd, seier 23-åringen.

Enormt behov – for lite pengar

Vegen der David Vagstad var nær å miste livet er berre ein av svært mange rasfarlege vegar i Norge. I snitt går det opptil fleire ras kvar einaste dag.

Men sjølv kor rasfarlege vegane er, vil det truleg gå mange, mange år før desse blir sikra. Statens vegvesen har no ferske lister over dei farlegaste vegane, og dei nye rapportane syner eit enormt behov.

Berre på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Norge treng ein nær 40 milliardar for å sikre vegane. Samtidig slår politikarane seg på brystet. Dei har nemleg aldri løyvd så mykje pengar til rassikring – i 2012 skal dei bruke éin milliard.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Region Øst og Midt har ikkje offfentleggjort sine planar, difor er ikkje desse vegane med)

Ber politikarane opne auga

Når NRK møter Vagstad er han for aller første gong tilbake på ulukkesstaden. Det har gått halvanna år sidan han opplevde marerittet på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Den 21. juli 2010 var 23-åringen frå Askvoll i Sogn og Fjordane svært nære å bli ein del av den brutale rasstatistikken. Men han klamra seg til livet, og håpar ingen andre skal måtte oppleve det same som han.

Vagstad meiner politikarane snart må forstå alvoret når det kjem til rasfarlege vegar.

– Eg har alltid meint at det blir brukt for lite pengar på veg i dette landet. For min del var det nær ved å koste meg livet, seier Vagstad.

– Eg rakk aldri tenkje

Vagstad har maks uflaks. Akkurat i det han kjem køyrande har dei store nedbørsmengdene utløyst eit jordras 170 meter oppe i fjellet ved Heilevang. Jord, stein og tre kjem dundrande i ei salig blanding ned fjellet og slår inn i sida på bilen med enorme krefter.

På nokre sekund blir bilen dytta over i motgåande køyrefelt, vippa over autovernet, før den rullar rundt nokre gonger og landar med hjula først i sjøen.

– Eg rakk eigentleg ikkje å tenkje. Eg handla berre instinktivt, alt eg tenkte på var å berge livet, seier Vagstad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Bil teken av ras i Førde

TEKEN AV RAS: Det var på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll at David Vagstad vart teken av eit ras sommaren 2010. Det var store krefter i sving då raset losna nesten 200 meter oppe i fjellet.

Berga av adrenalinet

På eitt eller anna vis får han av seg bilbeltet. Medan det framleis rasar frå fjellsida ligg bilen og duppar ute i fjorden. Inni sit Vagstad og kjempar for livet.

– Bilen var i ferd med å søkkje, så eg brukte begge hendene på å dytte opp døra. Då eg fekk opna døra fossa vatnet inn og ikkje før eg var kome meg ut sokk bilen, seier Vagstad.

Ute av bilen tenkjer han aldri på kor vidt det er kaldt i vatnet eller ikkje. Raset plaskar ned i fjorden, men Vagstad ser berre mot land.

– Adrenalinet pumpa i meg. Eg byrja symje i ring rundt raset og klora meg fast i busker og tre for å kome meg opp att på vegen, fortel Vagstad.

Kliss våt og brun av gjørme og leire vert Vagstad ståande i vegkanten. Han har berga livet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil feia på fjorden av jordras i Askvoll

FEIA PÅ FJORDEN: Akkurat då David Vagstad køyrde forbi kom raset. Dei veldige kreftene feia bilen i fjorden.

Foto: Bård Siem, NRK

– Eg hadde flaks

For Vagstad kunne turen denne sommardagen ha blitt hans siste. Smerter i brystet etter selen og ei venstrehand som var eit einaste stort blåmerke etter å ha kjempa med å få opp bildøra, var dei einaste fysiske skadane.

– Alt skjedde så fort. Eg er veldig glad eg hadde bilbelte på. Hadde eg blitt slått i svime eller blitt skadd då bilen for rundt hadde eg ikkje klart kome meg ut. Då hadde det fort gått gale.

Mange vil nok seie at den unge mannen hadde englevakt, sjølv vil han kalle det noko anna.

– Eg er ikkje noko gudemenneske, men eg hadde vel flaks, seier Vagstad.

Dette er dei mest rasfarlege vegane i Norge

Statens vegvesen er nettopp ferdige med eit omfattande arbeid der dei har sett på kva vegar i Norge som er mest rasutsette. For kvart einaste fylke har Vegvesenet laga lister over dei mest rasfarlege strekningane. Det same gjeld for riksvegane som går på tvers av fylka.

Og dei såkalla skredsikringsplanane viser eit enormt behov. Berre i region Vest, som omfattar fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, er det reelle behovet truleg på nærare 30 milliardar.

I region Sør ser Vegvesenet for seg at det kjem til å koste vel éin milliard å sikre rasutsette riks- og fylkesvegar. I Nord-Norge kjem det til å koste minst 8 milliardar å sikre vegane for ras. Her trur dei det reelle behovet er langt større, då det er nær 150 vegar dei ikkje har berekna kostnad for.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Region Øst og Midt har ikkje offfentleggjort sine planar, difor er ikkje desse vegane med)

Minst ti har blitt drepne dei siste åra

I snitt går det minst eitt ras kvar einaste dag på ein eller annan veg i Norge. Det kan vere alt frå småstein til steinblokker store som hus, eller snøskred som er så store at det tek fleire dagar å rydde det. Bygder kan bli isolerte og tusenvis kjenner dagleg på frykta for at noko skal gå gale.

Og nokre gonger går det skikkeleg gale. Bilar blir tekne av ras og personar døyr eller får varige skader. Dei siste ti åra har det i snitt omkomme ein person i året etter ras på norske vegar.

Seinast i januar i år omkom ein brøytebilsjåfør ved Gyavatnet i Rogaland.

Verst i Nord og Vest

Guro Marie Dyngen

KARTLEGGING: Guro Marie Dyngen har vore prosjektleiar for kartlegginga av rassikringsbehovet i region Vest.

Foto: Statens vegvesen

Det er i Nord-Norge og på Vestlandet at situasjonen er verst. I region Nord reknar ein med at det går opp mot 700 ras årleg, medan det i region Vest kan gå opp mot 800 ras i løpet av 12 månader. I snitt betyr det over to ras kvar einaste dag.

Guro Marie Dyngen er prosjektleiar for skredsikringsplanen i region Vest. Ho seier behovet er overveldande. Likevel synst ho ikkje folk bør vere redde når dei køyrer langs vegane.

– Det vi ser er at det ofte går fleire ras på dagar med dårleg vêr og når vêrforholda har lagt til rette for ras. Dermed er det ikkje slik at det er farleg å køyre på vegane til ei kvar tid. Men folk bør vere merksame når Vegvesenet åtvarar mot rasfare, seier Dyngen.

I dei tre Vestlandsfylka er det nærare 700 rasfarlege punkt langs riks- og fylkesvegane. Vegvesenet har rekna på kva det vil koste å rassikre 200 av desse. Berre då er dei oppe i 10 milliardar.

Ulukka er «berre eitt ras»

Alle dei fem regionane i Statens vegvesen har nytta seg av same modell når dei har sett opp lister for kva vegar som er mest rasfarlege.

Denne modellen tek ikkje høgde for kor vidt det har skjedd ulukker, eller kor alvorlege dei er. Sjølv om raset som gjekk ved Heilevang i fjor sommar var nær ved å ta livet av David Vagstad, blir det ikkje vektlagt meir enn andre ras.

Listene er meint å vere objektive råd til politikarane, for det er dei som endeleg bestemmer kva vegar som skal rassikrast. Skredsikringsplanane er ein viktig del av arbeidet med ny Nasjonal Transportplan (NTP) for 2014–2023.

Pengane strekkjer ikkje til

Strekninga der Vagstad vart teken av ras er av Vegvesenet sett som nummer ti på prioriteringslista for fylkesvegar i Sogn og Fjordane. Dersom politikarane held fast ved prioriteringsrekkjefølgja vil det truleg kunne gå fleire tiår før vegen blir rassikra. Det finst enkelt og greitt ikkje pengar nok til å rassikre veldig mange strekningar.

Og det er kanskje ikkje så rart, for rassikring kostar. For å ta eit enkelt eksempel. I Sogn og Fjordane meiner Vegvesenet at tre av dei fem høgst prioriterte vegstrekningane må rassikrast med tunnel. Samla vil det koste 500 millionar kroner.

Problemet er berre at politikarane for neste år har løyvd 538,4 millionar til fylkesvegar over heile landet. Dette er pengar som skal fordelast på 19 fylke.

Dersom ikkje politikarane aukar potten betydeleg i åra som kjem vil det truleg gå svært lang tid før Sogn og Fjordane får pengar til å byggje tre så dyre tunnelar. Liknande eksempel finn ein i mange av dei andre fylka.

(Artikkelen held fram under biletet)

David Vagstad ser på rasstaden

TYDELEGE SPOR: Halvanna år etter raset ser ein framleis godt kor raset kom feiande ned fjellsida. David Vagstad prisar seg lukkeleg for at han hadde marginane på si side den dagen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det kan ikkje vere slik i eit så rikt land!

David Vagstad var heldig. Sjølv om han aldri har hatt mareritt om det som skjedde, gjekk det ei god stund før sjokket slapp taket.

– Ei stund etterpå synst eg det var ekkelt å køyre gjennom tunnelar. Dei dråpane som ofte dryp ned frå tunnelmunningen minte meg veldig om lyden då raset trefte bilen. Så då skvatt eg til, seier Vagstad.

23-åringen er sjølv utdanna geolog, og veit mykje om ras og rasfare. Han forstår måten Statens vegvesen har prioritert dei rasutsette strekningane på, sjølv om det betyr at plassen der han var nær å bli drepen ikkje når heilt opp.

Det han derimot ikkje forstår er kvifor ikkje politikarane løyver meir pengar til rassikring. Kor tid neste ras går eller kor vidt nokon då blir ein del av ein dyster dødsstatistikk er det ingen som kan seie for sikkert.

– Vi bur i eit veldig rikt land, og då kan ikkje politikarane spare pengar på noko som er så viktig, seier Vagstad.

– Tala er veldig høge, men ikkje overraskande

Leder for nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes

IKKJE OVERRASKA: Åshild Kjelsnes (Ap) er klar for å kjempe for meir pengar til rassikring.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Arbeidarparti-politikaren Åshild Kjelsnes har eit brennande engasjement for rassikring. Ho er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, samtidig som ho er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Då ho får vite at behovet i region Vest åleine er kostnadsrekna til 10 milliardar, og at det reelle behovet truleg er nærare det tredoble blir ho likevel ikkje overraska.

– Summane er veldig store. Men eg er ikkje veldig overraska dersom dette viser seg å stemme, seier Kjelsnes til NRK.no.

Region Øst og Midt har ikkje offentleggjort sine skredsikringsplanar enno, men berre for region Sør, Vest og Nord er det behovet over 40 milliardar.

Vil at alle vegane skal vere trygge innan 2030

Ap-politikaren vedgår at ein ikkje kan vere nøgd med løyvinga på ein milliard til rassikring. Ho beklagar også at det truleg vil gå fleire tiår før til dømes vegen der David Vagstad nesten vart drepen, blir rassikra.

– Den nasjonale rassikringsgruppa har sett oss mål om at det offentlege vegnettet skal vere sikra innan 2030. Desse ferske tala er ny ammunisjon i vårt arbeid, seier Kjelsnes.

Skal rassikringsgruppa nå målet er det behov for meir enn éin milliard i året. Kjelsnes veit at ho må kjempe med nebb og klør for å vinne fram.

– Menneskeliv er det mest verdfulle vi har, og då må vi gjere det vi kan for at dei ikkje blir offer for rasproblematikken.

– Må folk døy?

Historiene om folk som slepp frå det med skrekken er blitt mange langs norske vegar. Når vi no går inn i ein ny vinter, vil det truleg bli fleire av dei.

Etter slike hendingar spør mange seg: må nokon døy før det skal skje noko? Det er noko også David Vagstad har tenkt på.

– Dersom du hadde dødd den gongen, trur du vegen hadde blitt rassikra fortare?

– Det kan nok hende, ja.

– Kva synst du om det då?

– Det er rett og slett ikkje bra.