Hopp til innhold

– Kan ha skusla vekk 10 millionar

Jølster kommune kan ha skusla vekk årlege inntekter på opp mot 10 millionar kroner.

Jølstra ved Eikås.

KRAFTSTRID: Både grunneigarar med samarbeidspartnar – og Sunnfjord Energi – kjempar om å få bygge ut Jølstravassdraget. No seier Jølster kommune nei til begge partar.

Foto: MMS-FOTO: Oddleif Løset / NRK

Alf Støfring

FRUSTRERT: Alf Støfring representer dei 37 grunneigarane som taper på at Jølstra ikkje blir bygd ut. Han meiner kommunen seier nei til store årlege inntekter ved å ikkje gå inn for kraftutbygging.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det hevdar Alf Støfring overfor avisa Firda (krev innlogging), etter at eit knapt fleirtal i kommunestyret tysdag sa nei til å la 37 grunneigarar og selskapet Nordkraft AS bygge kraftverk i Jølstra.

Støfring representerer grunneigarane som ynskjer å bygge ut kraft i Jølstra.

– Konsekvensen kan vere at toget no er gått. Her kan kommunen ha skusla bort årlege inntekter på opp til 10 millionar kroner, seier grunneigaren til avisa.

37 grunneigar og Nordkraft vs. Sunnfjord Energi

I tillegg til grunneigarane ønskjer også Sunnfjord Energi å bygge ut i vassdraget. Støfring reagerer på at ei knapt fleirtal i kommunestyret tysdag kravde felles utbygging.

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) meiner på si side at ei felles utbygging vil vere det beste for kommunen.

Oddmund Klakegg

– KLARE KRAV: Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er klar på at kommunen seier nei til utbygging av Jølster så lenge kommunen sine vilkår ikkje blir lytta til.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette er noko som Jølster kommune har påpeika i lang tid. Vi har tidlegare prøvd å presse partane til å komme i forhandlingar. Vi trur ei felles utbygging der både dei erverva fallrettane som Sunnfjord Energi sit på, og fallrettane som grunneigarane disponerer i samarbeid med Nordkraft vil gi den beste totalløysinga for både kommune og fellesskap, seier Klakegg til NRK.no.

Kommunestyret med kravliste

Før tysdagens kommunestyre hadde politikarane i Utval for plan og utvikling gått inn for rådmann Børge Tvedt si tilråding om å seie nei til utbygging av Jølstra kraftverk slik konsesjonssøknad frå Nordkraft og Sunnfjord Energi ligg føre.

Mot ei røyst sa utvalsmedlemmene nei til utbygging, og viste mellom anna til at konsekvensane for fiske, friluftsliv og reiseliv som følgje av ei utbygging i Jølstra blir for store slik søknadane ligg føre.

kommunestyret tysdag handsama saka, var dei folkevalde sterkt splitta. Sju røysta mot utbygging. Åtte sa ja til at Sunnfjord Energi bør få konsesjon, men stiller mellom anna krav om at det blir sett av pengar til fiskefond. Det same kravet stilte også Senterpartiet i framlegget som fekk fleirtal med ni røyster.

Let seg ikkje rikke

Dersom ikkje utbyggarane stettar krava Jølster kommune stiller, seier kommunen nei til utbygging seier Klakegg.

–Vi har fremja våre vilkår for utbyggarane. Desse har dei ikkje ville akseptere eller gå i forhandlingar om. Vi set eit klart klar for å vere med på ei framtidig utbygging av Jølstra for produksjon av rein energi.