I dag tek Iril Schau Johansen bladet frå munnen, og seier at det ho som kvinneleg søkjar vart utsett for, var kameraderi.
(Sjå òg "– Vanskeleg å koma utanfrå" der ho får støtte frå direktør for Vestlandsforsking, Marit Orheim Mauritzen.)
Vil ikkje kommentere
Måløy hamn er framleis ein mannsbastion. NRK-foto.
Roger B Silden, leiar i hamnerådet i Nordfjord, vil ikkje kommentere påstandane. Han meiner saka er avslutta, og i dag er Håkon Olsen den nye hamnedirektøren i Nordfjord.
Styret gjekk av
Men i utgangspunktet var det den 33 år gamle Iril Schau Johansen, opprinneleg frå Kyrkjebø i Sogn, som vart innstilt av styret. Då hamnerådet likevel valde å tilsette Håkon Olsen, gjekk styret av i protest.
Iril Schau Johansen meiner dette viser at kvinner som ynskjer seg tilbake til fylket i leiarposisjonar har små sjansar til å lukkast.