Hopp til innhold

– Gulen bør stevne SFT

Miljøforkjempar Kurt Oddekalv meiner Gulen kommune må krevje erstatning frå staten.

Kurt Oddekalv
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Han er slett ikkje nøgd med orienteringa som SFT og Folkehelseinstituttet hadde på folkemøtet i Gulen denne veka.

– Overhodet ikkje. Eg tykkjer innbyggjarane skal stevne staten i eit erstatningssøksmål for å frå fram kva som eigentleg skjedde, meiner Oddekalv.

LES ÓG: – Helseplagene vil bli borte

Lite imponert

24. mai i fjor eksploderte to tankar med avfallsstoff ved anlegget til Vest Tank i Sløvåg i Gulen. I ettertid har fleire hundre personar fått helseplager, og mange slit framleis meir enn 13 månader seinare.

Denne veka var representantar frå SFT og Folkehelseinstituttet i Gulen for å møte bygdefolket. Dei hevda mellom anna at helseplagene ikkje vil vere skadelege på lang sikt.

Etter møtet var Oddekalv lite imponert over det som blei lagt fram.

Bedrøveleg

– Eg synest det er ganske bedrøveleg at staten legg ut eit røykteppe over heile saka og prøver å framstille det som at det berre er oljebaserte stoff som har gått i lufta. Det er mykje, mykje verre forbindingar i dette, hevdar miljøforkjemparen.

Han oppmodar dermed innbyggjarane i Gulen om å stevne staten for å få erstatning, då han hevdar ulukka var mykje verre enn den blir framstilt som frå offentleg hald.

Oddekalv ser gjerne at kommuneleiinga støttar innbyggjarane i å trekkje staten for retten.

– Dersom det er noko krutt i dei, legg han til.