Hopp til innhold

Vil ha etterforsking av fôrprodusentane

Naturvernforbundet meiner styresmaktene bør gå lenger enn å nekte fôrprodusentane å nytte oppdrettsfôret med kreftfarleg fiskemjøl.

Ewos

VIL HA ETTERFORSKING: Per Erik Schulze vil ha etterforsking etter at det kom fram at oppdrettsfôrprodusentane nytta fiskemjøl med det kreftfarlege og forbodne stoffet HCB.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NRK avslørte førre veke at 100.000 tonn norsk fiskefôr inneheld fiskemjøl med for stort innhald av det kreftfarlege og forbodne stoffet Heksaklorbenzen (HCB).

No vil Naturvernforbundet at styresmaktene skal etterforske saka.

– Det er ei viktig prinsippavgjerd om at det ikkje er greitt å tynne ut gift i fôr. Spørsmålet er korleis Mattilsynet ser på det som allereie er mata ut til laksen, seier Per-Erik Schulze i Naturvernforbundet.

Ville nytte fôret uansett

Per-Erik Schulze

BØR ETTERFORSKAST: Det er beskjeden frå Schulze og Naturvernforbundet.

Foto: Naturvernforbundet

100.000 tonn med oppdrettsfôr skulle aldri blitt fiskemat, men blei det likevel. Dei tre store fôrprodusentane oppdaga for seint i sommar at fiskemjøl frå Peru, som er ein ingrediens i fôret, inneheldt for store mengder av det kreftfarlege miljøstoffet HCB.

Fiskemjølet inneheldt frå 0,02 til 0,04 milligram HCB, som er så mykje som fire gonger over grenseverdiane.

Men trass i omsetningsforbod søkte fôrprodusentane, mellom dei Ewos i Florø, om dispensasjon til å bruke 1000 tonn som ligg att i karantene. Men i går sa regelverksdirektør Kari Bryhni i Mattilsynet tvert nei.

– Dette er miljøgifter som kan gje alvorlege skader, sa Bryhni.

Vil at styresmaktene skal etterforske

Samla sett er oppdrettsfôret under faregrensa for HCB, fordi fiskemjølet er utblanda med andre ingrediensar. Oppdrettsfisken utgjer dermed ikkje nokon helserisiko, meiner Mattilsynet.

Men Naturvernforbundet meiner likevel styresmaktene bør ta saka vidare og etterforske produsentane.

– Spørsmålet er om det har skjedd eit alvorleg nok brot på føreskriftene til at det bør etterforskast og forfølgast strafferettsleg, seier Schulze.

Ser seg ferdige med saka

Karl Tore Mæland, kvalitetsdirektør i Ewos

FERDIGE: Vi er ferdige med saka, og det er opp til styresmaktene om det blir etterforsking, seier Mæland i Ewos.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kvalitetsdirektør Karl Tore Mæland i Ewos seier dei tek avgjerda til etterretning, og ser seg no ferdig med saka.

No seier også selskapet at dei uansett kva avgjerd Mattilsynet hadde kome til, ville ha kasta dei vel 550 tonna som Ewos har i karantene. Årsaka er at oppdrettarane fryktar reaksjonar i marknaden etter at NRK avslørte klagen til Mattilsynet.

– Før avgjerda kom sende vi ut ei melding til våre kundar on at vi ikkje kom til å bruke fôret uansett. Diskusjonen i pressa har gjort nokre usikre, og rommet for å diskutere faget blir veldig trongt. Etter ei samla vurdering fann vi ut at det er greitt å berre la dette ligge, seier Mæland.

Fôrprodusentane taper minst 10 millionar kroner på gifttabben, og Ewos seier det må vere opp til styresmaktene om dei vil etterforske og bøtelegge.

Tonnevis av oppdrettslaks har fått i seg det kreftframkallande middelet HCB. Mattilsynet meiner fiskefôr frå Peru aldri skulle blitt brukt i Norge.

VIDEO: Tonnevis av oppdrettslaks har fått i seg det kreftframkallande middelet HCB. Mattilsynet meiner fiskefôr frå Peru aldri skulle blitt brukt i Norge. TV-saka er frå onsdag 20. august.