Hopp til innhold

Mattilsynet vil ikkje gå fôrprodusentane i saumane

Mattilsynet har ingen planer om å følgje opp kravet frå Naturvernforbundet om etterforske fiskefôrprodusentane. – Produsentane gjorde som dei skulle, seier seksjonssjef Lise Thorkildsen.

Ewos

FØLGJER IKKJE OPP: Mattilsynet meiner fiskefôrprodusentane gjorde det dei skulle då dei oppdaga det kreftfarlege stoffet HCB i importert fiskemjøl.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kravet vart retta etter at NRK i førre veke avslørte at 100.000 tonn norsk fiskefôr inneheld fiskemjøl med stort innhald av det kreftfarlege og forbodne stoffet Heksaklorbenzen.

– Vi ser ikkje noko grunnlag for å etterforske produsentane, seier Lise Thorkildsen, seksjonssjef for sjømat hos Mattilsynet.

– Prinsippavgjerd

Per-Erik Schulze

KRAVDE: Per-Erik Schulze og Naturvernforbundet kravde etterforsking etter funnet av HCB i importert fiskemjøl.

Foto: Naturvernforbundet

Per-Erik Schulze i Naturvernforbodet kravde tysdag at styresmaktene bør gå lenger enn å nekte fôrprodusentane å nytte oppdrettsforet med det kreftfarlege stoffet.

Etter å ha prøvd i fleire månader å få bruke fôret, fekk produsentane endeleg nei på måndag.

– Det er ei viktig prinsippavgjerd om at det ikkje er greitt å tynne ut gift i fôr. Spørsmålet er korleis Mattilsynet ser på det som allereie er mata ut til laksen, sa Schulze.

– Gjorde som dei skulle

– Spørsmålet er om det har skjedd eit alvorleg nok brot på føreskriftene til at det bør etterforskast og forfølgast strafferettsleg, heldt Schulze fram og kravde etterforsking av produsentane.

Karl Tore Mæland, kvalitetsdirektør i Ewos

FERDIGE: Karl Tore Mæland og Ewos seier seg ferdige med saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kvalitetsdirektør Karl Tore Mæland i Ewos, som er ein av produsentane som har kjempa for å få bruke stoffet som ligg i karantene, seier seg no ferdige med saka.

Det gjer også Mattilsynet.

– Så langt vi oppfattar det, så har produsentane gjort det som er venta av dei. Dei varsla Mattilsynet då dei fann stoffet i sine prøvar på fiskemjøl, slik at vi kunne handtere saka ordentleg, seier seksjosnsjef Thorkildsen.