Hopp til innhold

– Vil heller spare pengar enn å kjøpe eigen bil

FØRDE (NRK): Lina Hoff Hansen er ein av mange unge som utset å kjøpe eigen bil. Dei som låner bil av foreldre sparar pengar, men dei er og tryggare i trafikken, meiner ekspertane.

Lina Hoff Hansen i bil

LÅNER BIL: Lina Hoff Hansen er ein av mange ungdommar som låner bil av foreldra.

Foto: Ingvild Bakken

Lyset skiftar til grønt og Lina Hoff Hansen køyrer framover Angedalsvegen i Førde sentrum. Bilen ho køyrer no får ho låne av faren sin.

Hoff Hansen har hatt lappen i eit halvt år.

– Eg prøver å køyre to til tre gonger i veka, for å halde køyringa ved like, seier ho.

– I byrjinga var foreldra mine bekymra når eg skulle ut og køyre, men ikkje no lenger. No hender det til og med at dei spør meg om å hente dei.

Lina Hoff Hansen

SPARAR PENGAR: Lina Hoff Hansen vil heller spare pengar enn å kjøpe sin eigen bil.

Foto: Ingvild Bakken

Ho fortel at ho heller vil spare pengar enn og kjøpe sin eigen bil.

– Viss eg skulle kjøpt bil no så måtte det bli ein billeg bil, men eg hadde ikkje kjøpt eit vrak.

Tilrår å låne ut bilen

Audun Heggestad

SER EI POSITIV UTVIKLING: Audun Heggestad, distriktsleiar i Trygg Trafikk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Audun Heggestad som er distriktsleiar i Trygg Trafikk fortel at ungdom køyrer betre bilar enn før.

– Dei nyare bilane har godt med tryggleiksutstyr, som belte og antiskrens, i tillegg til at sjølve bilen er sikrare. Dette gjev gevinst ved at ein ikkje får dei store skadane som tidlegare, seier Heggestad.

Han anbefaler foreldre som har ein relativt ny bil og låne den ut til ungdommane i huset.

– Eg anbefaler foreldre å låne ut den aller beste bilen til ungdommen. Då vert dei beskytta av det beste tryggleiksutstyret.

– Kjøp ein nyare bil

Heggestad anbefaler ungdom som er ute etter å kjøpe seg eigen bil og kjøpe ein bil som er frå 2004 eller nyare.

Mange av dei Lina Hoff Hansen kjenner låner bil heime ifrå men nokre kjøpt sjølve. Då er det ofte rimelege brukte bilar dei har skaffa seg.

– Desse bilane har ein markant auke i tryggleiken. Dette er fordi fabrikkane lagar betre konstruksjonar og ein har fått Euro NCAP testsystem som har gjort at bilane er sikrare innvendig og at det blir mindre skade.

– Ungdom er framleis godt representert når det kjem til risiko, men denne risikoen har gått ned. Ulukker og talet på omkomne har gått kraftig ned. Men ungdom er framleis i ein ulukkesrisikoalder ettersom dei nettopp har teke førarkort og manglar erfaring, seier Heggestad.

Lina Hoff Hansen med bil

TRYGGARE: Lina Hoff Hansen ynskjer å låne bil av foreldra til ho flyttar heime ifrå.

Foto: Ingvild Bakken

Audun Heggestad har følgjande råd til nye trafikantar:

  • Bruk alltid bilbelte.
  • Ikkje køyr for fort. Pass på at du har sikkerheitsmarginar.
  • Ver opplagd når du køyrer.
  • Aldri køyr under påverknad av rus.

Lina Hoff Hansen har fleire god tips til nye sjåførar:

  • Aldri køyr for fort. Køyr heller litt under fartsgrensa enn over.
  • Ver merksam på at køyreforholda endrar seg med vêret.
  • Det kan vere glatt i vegen sjølv om det ikkje ser slik ut. Det kan vere lurt å prøvebremse litt før ein byrjar å køyre.