Hopp til innhold

– Forakt for dei folkevalde og demokratiet

Medan administrasjonen og innleigde konsulentar trong over eit år på å kunne gje råd om eit eventuelt sal av Fjord1, fekk dei som skulle bestemme berre 3–4 timar med all informasjon om salet.

Frank Aarebrot

MEININGSLAUST: Det er meiningslaust å dele ut saksdokument på sjølve møtet i ei så viktig sak, seier professor Frank Aarebrot.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det er faktisk uttrykk for ei forakt for den folkevalde forsamling, seier professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot.

Måndag vedtok fylkestinget med knappast mogleg margin, 16 mot 15 stemmer, å selje Fjord1 til Torghatten. Det har blitt kalla den viktigaste saka for fylkespolitikarane på fleire tiåra.

Men 22 av 31 medlemmar i fylkestinget fekk berre 3–4 timar med all informasjon dei trong. For medan administrasjonen, altså fylkesrådmannen og hans stab, har jobba med saka i 18 månader, og tre innleigde konsulentar har jobba i over eit år for å kunne gje råd om salet, fekk dei som skulle bestemme berre få timar med all informasjonen.

– Det er eit uttrykk for forakt for demokratiet. Det vitnar om ei forakt for dei menige representantane. Ei så omfattande forretningsavtale må representantane få å sette seg inn i på førehand. Ein kan ikkje dele ut saksdokument på sjølve møtet i ei så viktig sak. Det er heilt meiningslaust, seier Aarebrot.

Politikarar ved eit bord

MØTEVERKSEMD: Mange møter på tvers av parti fant stad i timane og dagane før avgjerda i fylkestinget. Her Åshild Kjelsnes (Ap), Hilmar Høl (Ap), Gunhild Berge Stang (V), Alfred Bjørlo (V) og Stein Malkenes (MDG).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Umogleg å sette seg inn i saka

Administrasjonen og fylkesrådmann Tore Eriksen kom med si innstilling der dei rådde til sal av Fjord1 til Torghatten torsdag 12. november.

Etter innstillinga, sa fylkesordførar Jenny Følling at fylkesutvalet framleis venta på innsyn i hemmelege dokument. All informasjon fekk fylkesutvalet først måndag 16. november, i eit lukka møte. Men detaljane fekk dei ikkje lov å dele dei 22 andre på fylkestinget før same dagen som eit vedtak skulle gjerast.

Stein Malkenes

MDG: Stein Malkenes

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Den som med handa på hjartet kan seie at det er ein ansvarleg måte å gjere dette på, den forstår eg ikkje, seier fylkestingsrepresentant Stein Malkenes frå Miljøpartiet dei grøne.

Han meiner dei aldri hadde tid nok til å sette seg inn i ei så komplisert sak, der salssummen kan bli på over ein milliard.

– Det er heilt umogleg. Vi fekk 35 tettskrivne power point-plansjar gjennomgått på eit delvis stammespråk av finansielle krumspring som er vanskeleg å forstå. Så fekk vi utlevert 85 tettskrivne sider i to hefter, som vi skulle sette oss inn i parallelt med at vi skulle følgje presentasjonen, seier Malkenes.

– Hadde mange spørsmål

Høgre si gruppe delte seg 2 mot 2, og stemma til Sonja Øvre-Flo frå Høgre vart til slutt avgjerande. Ho landa på ja til sal, men seier at også ho og resten av Høgre si gruppe gjerne skulle hatt meir informasjon tidlegare.

Sonja Øvre-Flo

HØGRE: Sonja Øvre-Flo

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Hadde vi fått endå meir informasjon om ting vi sat og lurte på, som gjorde at situasjonen vart noko stressa og ein ikkje hadde det klart føre seg kva ein skulle gå for før på tampen, kunne vi i gruppemøtet diskutert på eit heilt anna nivå, i staden for at vi sat og lurte på veldig mykje og hadde mange spørsmål vi ikkje fekk svar på, seier ho.

– Når vi først fekk dei tre timane i møtet, og eg fekk svar på dei spørsmåla eg hadde, var eg ikkje i tvil om kva vedtak eg skulle gå for, legg Øvre-Flo til.

– Det er eg imponert over. Eg og veldig mange andre klarte i alle fall ikkje å forstå noko, seier Malkenes.

Vedtak i fylkestinget

RØYSTING: Her røyster fylkestinget i Fjord1-saka. 16 ville selje, 15 ville utsetje saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkesordføraren avviser kritikken

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet avviser kritikken frå Aarebrot og Malkenes.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Med omsyn til dei sensitive opplysningane, og lekkasjane som har vore, skulle dokumenta haldast i møtesalen. Fylkestinget har og vedteke at saka skulle handsamast slik. Det var ikkje merknadar til saklista. Det var og eit fleirtal i fylkestinget som sa at saka skulle behandlast og ikkje utsettast. Då er det fylkestinget si meining.

Argument om forretningshemmelegheiter og sensitive opplysningar, er ikkje eit godt argument for å halde politikarane utanfor, meiner Aarebrot.

– Dette må vike i forhold til omsynet til at representantane må sette seg inn i saka. Når representantane skal ta stilling til ein så stor transaksjon, er nøydde til å få høve til å sette seg inn i saka på ein skikkeleg måte, seier professoren.

Fylkesrådmann Tore Eriksen viser til fylkesordføraren sine kommentarar, og seier at han veit kva informasjon fylkestinget hadde, men er usikker på kva informasjon utanforståande byggjer på. Han vil ikkje kommentere saka utover det.