Hopp til innhold

– Folk må ta det litt ekstra med ro no

Med eit vêrskifte godt i gang har meldingane byrja tikke inn hos Vegtrafikksentralen. Oppmodinga derfrå er klinkande klar: – Folk må ta det ekstra med ro på vegane.

Vanskeleg føre langs E39 ved Jølstravatnet

REGN: Nedbøren kjem onsdag kveld som regn langs E39 ved Jølstravatnet. Ifølgje tipsaren fører dette til dels vanskelege køyreforhold.

Foto: NRK-tipsar

Etter ein lengre periode med kaldt vêr og minusgrader, er mildvêret no på veg tilbake. Fleire stader i Sogn og Fjordane kjem nedbøren onsdag kveld delvis som regn. Det er med å skape utfordrande køyreforhold.

– Det har vore kaldt, men no kjem mildvêret og regnet. Vi får regn på kald asfalt, og då frys det, seier vaktoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Han seier entreprenørane følgjer med på vêrskiftet og har folk ute for å gjere tiltak. I 18-tida onsdag har sentralen fått nokre meldingar om glatte vegar, men den heilt store telefonstormen har det ikkje vore.

Amundsen seier folk må vere obs på at føreforholda kan bli vanskelege utover kvelden og natta.

– Alltid når vi har desse overgangane frå kaldt til mildt vêr blir det litt glatt og sleipt på vegane, fram isen har regna vekk og det blir bart.

– Sjølv om entreprenørane er ute med både sand og salt, hender det ofte at sanden og saltet blir vaska vekk av regnet, seier han.