NRK Meny

– Eit nyttårsløfte har ingen magisk effekt

Mange lovar seg sjølve både det eine og det andre ved inngangen til eit nytt år. Kva då om ein ikkje får det til?

Barn ved bord, mobiltelefon

NYTTÅRSFORSETT: Å leggje vekk mobiltelefonen til fordel for tid med barna er eit nyttårsforsett mange har.

Foto: ANDREY MINDRYUKOV (CC BY-NC-ND 2.0)
Anna Gytri
Journalist

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Klemmar vart delt ut og fyrverkeri sendt til himmels. Mange gjekk også inn i 2016 med eit nyttårsforsett eller to.

Det kan vere ting som å trene meir, stumpe røyken eller å leggje vekk mobiltelefonen for å bruke meir tid med barna.

– Folk bruker gjerne nyttårsskiftet som ein slags motivasjon. Men det er ikkje noko magisk effekt av eit nyttårsløfte. Det viktigaste er at ein har teke ei avgjerd inni seg, seier leiar i Norsk Psykologforening i Sogn og Fjordane, Karen-Merete Bruland.

For når året nærmar seg slutten og folk snakkar om alt dei vil endre inn i det nye året, kan det vere lett å bli freista frampå. Bruland seier ei reell endring ikkje kan kome av ein flyktig tanke.

– Det må vere noko som har vakse fram over tid inni deg.

Spør deg sjølv kvifor

Uansett er ikkje lett å endre seg. Ta for eksempel dømet med å bruke mindre tid på telefonen.

– Det viktigaste er den indre avgjerda, så må ein ha gode argument og ein god plan. Kanskje må ein bestemme seg for å skru av lyden, eller leggje telefonen frå seg på kjøkkenet, seier Bruland.

Ho oppmodar folk som ønskjer å gjere ei endring om å ta nokre rundar med seg sjølv om kvifor.

– Kvifor tenkjer du at du ikkje bør bruke telefonen så mykje? Kva vil skje om du ikkje endrar det? Slike ting kan hjelpe på motivasjonen, eksemplifiserer psykologen.

Eit anna viktig moment er å ikkje ta i for hardt.

– Har ein til dømes ikkje trent på ti år, og set seg mål om å trene fire gonger i veka, så er det liten sjanse for å klare det. Legg lista på eit realistisk nivå.

Karen-Merete Bruland

LOV Å FEILE: – Folk må tenkje om seg sjølve at dei ikkje er så verst likevel. Det er greitt å feile, det er greitt å ikkje trene fire gonger i veka eller kva ein no ønskte å gjere, seier psykolog Karen-Merete Bruland.

Foto: Møyfrid Kjølsdal/Napha-Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

– Ikkje så verst likevel

Men så går dagane. Det nye året blir ei veke gamal, og så to. Men du greier ikkje gjennomføre endringa, kva då?

– Mange kan ha lyst til å forandre på noko, men det må fattast ei avgjerd. Viss ein ikkje lukkast, har ein heller ikkje greidd å bestemme seg skikkeleg og heller ikkje funne den gode motivasjonen til å gjennomføre, seier Bruland.

Ho ber folk slutte å piske seg sjølv så hardt om dette skulle skje.

– Vår moderne tids mare er at alt skal vere perfekt, vi skal trene, slutte å røyke og ikkje bruke telefonen framfor barna. Det at alt skal vere perfekt er eit umogleg krav. Vi må heller jobbe for at folk skal forstå at dei er ålreite som dei er.

Nyttårsforsetter

MEIR AV NOKO, MINDRE AV NOKO ANNA: Trene meir, ete sunnare og bruke mindre tid framfor datamaskina. Kjenner du deg att i nokon av desse nyttårsforsetta?

Foto: Colourbox.com/Karina Kaupang Jørgensen/NRK (montasje)
På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.