Hopp til innhold

– Eg trur folk har skjønt teikninga

Vegtrafikksentralen har hatt ein langt stillare veslejulaftan enn normalt, for juletrafikken har roa seg tidlegare enn den pleier.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland

KOLONNE: På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland vart det i kveld innført kolonnekøyring på grunn av dårleg vêr.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

– Rushet gav seg halvanna time før normalt i dag, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Kristian Fauskan.

Onsdag kveld er Vikafjellet den einaste fjellovergangen som er stengd. Det er kolonnekøyring på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland og på riksveg 7 over Hardangervidda. På Strynefjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

Kraftig vind og snøfokk

Men utover litt arbeid med desse strekningane har Vegtrafikksentralen hatt lite å gjere på, fortel Fauskan.

– Det verkar som at folk har skjønt teikninga, at dei har fått med seg dei dårlege vêrvarsela og lagt av garde tidlegare, seier han.

For dei som framleis ikkje har kome seg over fjellovergangane er det likevel ikkje det beste føret å ta seg fram i. For det er kraftig vind og snøfokk.

– Det er dårleg sikt på alle overgangane, seier Fauskan.

Inga julestemning i vêret

Elles er det meldt om litt kø på Hardangervidda då kolonna ikkje tek med seg fleire enn 25 bilar i slengen.

Det er meldt svært ruskete vêr utover kvelden, og også på julaftan og 1. juledag. Men Fauskan kan ikkje seie noko om det fort kan bli fleire stengde fjellovergangar.

– Vi satsar på at det held seg slik som no. Men vi har folk ute på vegane og på dei ulike vegstasjonane som følgjer nøye med, så skjer det endringar så vil folk fort få vite om det, seier han.