NRK Meny
Normal

– Eg føler meg berre tom no

LÆRDAL (NRK) Medan Aud Sjøvold sat og høyrde korleis industriherrane ynskjer å ta frå ho den vesle garden på Håbakken, følte ho seg meir og meir utmatta.

Aud Sjøvold

OVERMAKT: Aud Sjøvold i samtale med bygdefolk medan ho fekk høyre om industriplanane som vil ta deler av garden hennar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det går berre ein veg. Og det er at dei får gjennomført dette. Eg har jo ingenting å stille opp med.

Aud Sjøvold var sliten etter informasjonsmøte i Lærdal kulturhus onsdag kveld.

Frå tredje seterad hadde ho i to timar høyrt Simas og Ecoinowaste selje inn planane om forbrenningsanlegg og pelletfabrikk til bygdefolket.

Planar som kan ta frå ho garden som ho i over to tiår har bygd opp saman med foreldra.

Som NRK fortalde tysdag kan Aud Sjøvold miste gardsbruket sitt på Håbakken i Lærdal fordi det er her selskapa vil plassere anlegget.

Aud Sjøvold

HEIME: Aud Sjøvold heime på garden sin på Håbakken.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ikkje fordøye

– Det var som eg trudde. Det er kommunen som har lova selskapa dette arealet. Planane til Simas har eg ingenting å seie på, dei er sikkert bra.

– Men det er plasseringa hjå meg på Håbakken eg ikkje likar, og som eg ikkje klarar å fordøye, sa Sjøvold til NRK etter at møte var over.

– Du er ikkje blidare stilt etter dette?

– Nei, det er eg faktisk ikkje. Slik anlegget er teikna inn, høyrest det ut som gull og grøne skogar. Men Simas er eit interkommunalt selskap. Kvifor er ingen av dei andre eigarkommunane interessert viss dette er så bra?

– Betyr dette at du vil gje opp?

– Det spørst kor lenge eg orkar. Eg skal sjå kva som skjer i neste kommunestyre. Då skal ankane mot reguleringsplanen opp, men eg reknar med at det blir stroke med ein penn.

– Dei nye skissene viser at anlegget tek mindre av garden din, gardstunet og husa får stå. Er løysinga meir akseptabel?

– Ikkje for meg. Eg vil ikkje bu der.

Fleire vener

Planane til Simas og Ecoinowaste fekk fleire nye venner enn fiendar etter informasjonsmøte i Lærdal kulturhus onsdag kveld.

Etter presentasjonen av styreleiar i Ecoinowaste, Hallvard Thomassen, fekk prosjektgruppa og investor Aaron Slater ein vegg av kritiske spørsmål mot seg, men lite motstand eller protestar.

Hallvard Thomassen

GJEKK INN: Presentasjonen til styreleiar Hallvard Thomassen gjekk heim hjå fleire i eit fullsett Lærdal kulturhus onsdag. Men ikkje utan kritiske spørsmål.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Nokre av spørsmåla var kvifor dette anlegget absolutt måtte ligge på Håbakken og ikkje andre stadar, som til dømes ved kai.

Andre retta eit kritisk søkelys mot transportbehovet og om tala rundt logistikk verkeleg var reelle.

Og ikkje minst var folk kritisk rundt tilhøva for miljø og buforhold på Håbakken.

Thomassen, Knute Foss og Jørild Hovland i prosjektgruppa gjentok at miljøulempene ville vere små, og viste til at detaljane ville kome i konsesjonssøknaden som snart var ferdig.

Aaron Slater

INVESTOR: Aaron Slater representerte investorane og selskapet bak teknologien.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Investor på bana

– Eg forstår uroa rundt miljø og buforhold. Men dette er mellom dei finaste stadane i verda. Ingen vi øydelegge det. Når vi har fått avklart miljøtilhøve og buforhold, lat oss snakke om kva dette anlegget kan gjere for å utvikle Lærdal, lokka investor Aaron Slater, og fekk applaus frå salen.

Etterpå følte styreleiar i Simas og medlem i prosjektgruppa, Jøril Hovland, at ho sat att med eit positivt inntrykk.

Jøril Hovland

INFORMERTE: Styreleiar Jøril Hovland i Simas IKS seier ho fekk mange positive tilbakemeldingar etter presentasjonen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi fekk lov til å fortelje kva våre planar og mål er. Og vi føler vi klarte informere om det folk har vore redde for, mellom anna forureining.

– Kan du garantere at tala om liten forureining er reelle?

– Ja, det kan eg garantere. Det er ein av grunnane til at vi har vore seine med å informere, vi ville vite fakta over korleis dette kunne bli.

Ola Myrmel

NESTE: Ola Myrmel fryktar garden til sonen blir den neste kommunen vil regulere til næring på Håbakken.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Min gard neste?

Ola Myrmel frykta etter møte at garden til sonen blir den neste kommunen vil regulere.

– Dei vil drive drivhusanlegg av energien frå anlegget. Det kan kome på son min sin gard som er neste etter Sjøvold sin. Det er svært skuffande at kommunen vil bygge ned jord, seier Myrmel.

(Artikkelforfattaren har tidlegare vore tilsett som prosjektmedarbeidar i Lærdal Næringsutvikling (desember 2013 august 2014). I denne perioden utarbeidde han ein kommunikasjonsplan for selskapet. I ein periode etter utførte han mindre frilansoppdrag for ei rekke oppdragsgjevarar).