NRK har bedd om innsyn i skissene og informasjonen som Ecoinowaste skal presentere under folkemøte i Lærdal kulturhus onsdag kveld. Selskapet har gått med på å gje NRK dette innsynet.
Skissene selskapet vil legge fram viser at vogntoga som skal til og frå anlegget vil køyre inn den vanlege inngangen til næringsområdet, og inn på anlegget frå nedst på fyllinga.
Sjølve anlegget er planlagd bygd eit stykke unna naboar og gardstunet til Aud Sjøvoll. På skissene står bygningane i grenda framleis.
NRK fortalde i dag historia til Aud Sjøvold, som kan miste garden sin dersom planane om forbrenningsanlegg og pelletsfabrikk på Håbakken blir realisert.
Vil gje informasjon
Noko av det Ecoinowaste vil presentere onsdag kveld er kva dei vil med anlegget, kva det kan bety for næringsutvikling i Indre Sogn, kvifor dei vil etablere seg på Håbakken og kva etableringa kan bety for miljøet.
Mellom anna vil presentasjonen seie:
- 7–9 tømmerbilar om dagen
- Avfallet kjem ferdig foredla i energibrikker på 1–2 trailerar om dagen
- Ingen lagring av avfall på anlegget
- Ingen lukt
- Ingen avrenning til Lærdalselvi
- Støy frå tømmerhandteringa
- Strenge reglar for utslepp til luft
- Støv (ph10) som kan motsvare 2–4 bilar med vinterdekk
- At forbrenninga avheng av reinsesystemet som blir valt
- Damp frå flistørke
- Tømmer kan bli lagra ute
Støy
Til NRK Sogn og Fjordane seier styreleiar Hallvard Thomassen at støy frå tømmerhandteringa kan bli den største ulempa.
– Og då støy frå 9 til 11 trailerar per dag, seier Thomassen.
Simas og Ecoinowaste ynskjer å bygge anlegget for å skape arbeidsplassar lokalt av avfall som i dag blir køyrt til Sverige.
Anlegget skal vere eit pilotanlegg, og forbrenningsanlegget er også ein varmesentral som kan produsere 30 GWh, som igjen kan gje energi til anna ny næring.
I presentasjonen lærdølene får sjå i kveld blir det foreslege eksemplar som:
- prosessvarme til anna etablering
- anlegget skal bli eit landemerke
- det skal vere eit visningsanlegg som dreg besøkande til Lærdal
- drivhus for matproduksjon, med utleige
- vurdere økologisk og småskala matproduksjon
- energi til kjøl/frys
– Vi trur varmesentralen kan vere ein katalysator for vidare utvikling på Håbakken, seier styreleiar Thomassen.
Skeptisk
Nabo Linda Natvik har organisert ein underskriftskampanje mot planane. Ho har ikkje sett skissene, og er spent på kva som kjem fram på informasjonsmøte.
– Eg ventar at dei skal legge dette fram roseraudt. Det kan hende eg også vil seie, «oi, dette vart ikkje så ruvande». Likevel så er det ingen god idé. Rett og slett fordi det vil redusere livskvaliteten vår på Håbakken, med veg på éi side og industri på andre. Vi har til dømes to hestar og lurer på kva vi skal gjere med dei, seier Natvik.
Andre nøkkeltal frå presentasjonen i kveld:
- 145 millionar kroner
- 15 000 tonn avfall inn i anlegget årleg
- 85 000 m³ tømmer eller flis inn årleg
- 40 000 tonn pellets ut
- 15 arbeidsplassar + spinn off
Møtet i kveld skal vere den første av i alt to planlagde informasjonsmøte som Ecoinowaste og Simas vil halde.
(Artikkelforfattaren har tidlegare vore tilsett som prosjektmedarbeidar i Lærdal Næringsutvikling (frå desember 2013 til august 2014). I denne perioden utarbeidde han ein kommunikasjonsplan for selskapet. I ein periode etter utførte han mindre frilansoppdrag for ei rekke oppdragsgjevarar).