Hopp til innhold

" Eg elskar Florø og de elskar meg"

– Florø er mi heimebane, eg elskar Florø og Florø elskar meg. Det sa Jaysuma Saidy Ndure etter å ha sett ny norsk rekord på 100 meter. Den nye norske rekorden er på 10.30 sekund.

Jaysuma Saidy Ndure sette ny norsk rekord på 100 meter innandørs under Florø Indoor. Den nye norske rekorden er på 10.30 sekund.

VIDEO: Jays imponerte i Florø. Foto og redigering: Truls Kleiven

Sprintaren var strålande nøgd etter det han sjølv skildrar som ei fantastisk helg i kystbyen Florø.

– Det betyr mykje for meg å setje ny norsk rekord på «heimebane». Florø har ei utruleg rask bane, og dette er god opplading framfor EM i Göteborg seinare i vår, seier Ndure frå massasjebenken etter løpet.

Sprintaren har hatt ein del nedturar i karrieren, ikkje minst i internasjonale løp, men no håpar han på ein god sesong. I morgon går turen tilbake til Oslo, men allereie til sommaren kjem han tilbake for å vere med på Florø Friidrettsfestival.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jayz sette ny norsk rekord på 100 meter med tida 10.30

VIDEO: Jaysuma Saidy Ndure sette ny norsk rekord i Florø. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke

Kjempeløp av lokal friidrettsstjerne

Men det var ikkje berre Jaysuma Saidy Ndure som hadde grunn til å glede seg over raske tider i Florø, laurdag ettermiddag. Øyvind Strømmen Kjerpeseth frå Florø, sette ny personleg rekord på 100 meter med tida 10.80. Han satsar til vanleg på 400 meter hekk. Florøværingen sprang og inn til 7.01 på 60 meter.

– Eg hadde ikkje trudd eg kunne springe så fort, dette var heilt fantastisk, sa 21 åringen etter løpet på heimebane. Skal eg bli best i hekkeløp må eg ha fart, og no kjennest det som eg har stor framgang.

Strømmen Kjerpeseth skal no til Steinkjer på sitt siste ungdomsmeisterskap, der håpar han på nye gode tider i den beste innandørshallen i landet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Øyvind Strømmen Kjerpeset viste seg fram på heimebane under Florø Indoor. Han sette like godt krinsrekord, og har stor tru på kva han kan få til når utandørssesongen brakar laust.

VIDEO: Øyvind Strømmen Kjerpeset imponerte framfor heimepublikum under Florø Indoor. Foto og redigering: Truls Kleiven

Lite publikum på plass i Florø

Arrangementsansvarleg for Florø Indoor, Rune Osa, er strålande nøgd med dei gode tidene i hallen, men det var lite publikum som fekk med seg prestasjonane.

– Kanskje det var 200 personar i hallen, eg er ikkje heilt sikker, fortel Osa. Han hadde ikkje rekna med at det kom så mykje folk, for det skjer mykje anna kvar helg. Resultata i dag viser uansett at vi i Florø kanskje har den raskaste sprintbana i landet.