Hopp til innhold

Seks NM-medaljar til fylket første dagen

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sikra Sogn og Fjordane sitt første gull under friidretts-NM i Kristiansand med eit kanonløp på 400 meter hekk.

Video NM friidrett i Sandnes 21.08.10

SIKRA SIGEREN: For andre gong klarte Øyvind Strømmen Kjerpeset å sikre seg NM-gull på 400 meter hekk.

Foto: Alf Ole Hansen / SCANPIX

– Eg er kjempenøgd med at det blei gull. Det var ganske vanskelege forhold i dag, med mykje vind. I og med at eg har fått løpt veldig lite hekk i det siste sidan eg har slite med skade som eg no har blitt frisk av, så er eg svært nøgd, seier den unge florøværingen til NRK.

Han gjekk inn til gull på distansen med tida 51,67, nær eit halvt sekund raskare enn sølvmedaljevinnar Marius Bakken Støle.

Hadde von om gull

– Eg hadde håpa det på førehand, eg tok jo gull i fjor og eg er betre i år. Eg såg ingen grunn til at eg ikkje skulle klare det, men det var sjølvsagt ein liten usikkerheit i og med at eg ikkje har fått trent p distansen sidan juni. Eg var veldig nervøs, det var på ein måte ein slags ny sesongdebut, men det gjekk veldig bra og eg kan ikkje vere noko ann enn nøgd med eit nytt NM-gull, seier 20-åringen.

Strømmen Kjerpeset var kvalifisert for EM i Helsinki tidlegare i sommar, men skade gjorde at han ikkje klarte å fullføre det stemnet. No ventar nye utfordringa for den talentfulle Florø-guten.

Klar for Diamond League

– Eg kjente ingenting til skaden og kroppen verka heilt fin, så no vonar eg berre at det held seg slik for eg har ein spennande 200-meter laurdag, og eit veldig spennande løp under Diamond league i Zurich kommande torsdag.

Veteranen Elin Isane og stortalentet Trude Raad sikra og Sogn og Fjordane to medaljar i friidretts-NM fredag kveld.

Dei tok sølv og bronse i diskosfinalen for kvinner med kast på høvesvis 51,45 og 48,65 meter.

Henrik Holmberg

PREMIEUTDELING: Henrik Holmberg klar for å entre sigerspallen under NM i Kristiansand.

Foto: privat

Sølv og pers til Henrik

Henrik Holmberg frå Vik, som satsar stort på ein karriere innan 10-kamp, sikra seg sølv i høgdeøvinga under NM i Kristiansand. Han hadde eit bestehopp på 2,05 meter.

– Eg er svært nøgd. Å perse med fem centimeter og samstundes vite at ein er landets nestbeste høgdehoppar i dag er stort, fortel ein svært glad Henrik Holmberg til NRK.

Medaljar vart det også til Merete Helgheim og Kristiane Rygg frå Gloppen Friidrettslag. Merete fekk gull og Kristiane fekk sølv i øvinga 3000 meter kappgang. Forøvrig var dei også dei to einaste deltakarane...