Hopp til innhold

«Du har vore totalt fråverande, Bjørn!»

Det vart ein svært oppheta debatt om jordbruksoppgjeret og jordbruksforhandlingane i ettermiddag. Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, skulda stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) for å melde seg ut av debatten.

Per Hilleren, Bjørn Lødemel og Frank Willy Djuvik

HEFTIG DEBATT: Det vart høg temperatur då Hilleren, Lødemel og Djuvik møttest til debatt om jordbruksoppgjeret i ettermiddag.

Foto: Johan Moen, Geir Bjarte Hjetland og Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg må berre kommentere ein del av det Bjørn seier. Bjørn fekk jo spørsmål om han representerer Sogn og Fjordane. Og det gjer han. Han er ein ombodsmann for dette fylket. Og då får du reise deg opp, Bjørn, og så får du kjempe for dei som har valt deg inn på Stortinget!

Dagane etter det vart brot i jordbruksforhandlingane har vore prega av stor konflikt mellom bondeorganisasjonane og staten, og protestaksjonar frå bøndene. Dei føler tilbodet er langt unna noko dei kan godta, men landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og regjeringa har stått på sitt.

Resten av tiraden frå Hilleren kjem vi tilbake til.

Høyr heile debatten nedst i saka

– Ikkje gløym kor du kjem frå

No må ikkje Lødemel gløyme at han er frå Hondalen og der er mange småbruk, og at han sjølv driv sauebruk attåt bokhandelen. Har han ikkje lyst å få lov å drive med sau vidare?

Else Tysdal

For kraftsalva frå bondelagsleiaren kom etter at Bjørn Lødemel skulle svare på ei tekstmelding frå honndølen Else Tysdal.

Ho oppfordra sauebonden Lødemel om å hugse kvar han kjem frå.

Lødemel, som sjølv er frå Hornindal, svara på utfordringa.

– Eg har vore ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009, og har jobba mykje med landbrukspolitikk. Eg er stolt over dei bøndene som er i Hornindal og frå resten av fylket, og som gjer dette til ei næring og brukar dei ressursane.

Han sa landbruk står høgt på sakslista når partiet hans prioriterer politiske saker.

– Vi har jobba med landbrukspolitikk i Høgre heilt frå 2005 i Sogn og Fjordane. Vi har våre eigne utval som følgjer tett det som skjer. Så eg er oppteken av at landbruket skal ha levelege vilkår. Det skal i alle fall vere heilt sikkert. Både i Honndalen og andre stader.

– Du har vore totalt fråverande

Og det var ein ivrig Per Hilleren som kom til ordet etter at Lødemel hadde sagt dette. Etter bondelagsleiaren hadde mana til at Lødemel måtte reise seg og kjempe for dei som hadde vald han, fortsette Hilleren:

– Du må kjempe for eit landbruk i Sogn og Fjordane. Det har du vore tydeleg på i valkampen, at dette skal du stå opp og kjempe for.

Og Hilleren var ikkje ferdig.

– Du har vore totalt fråverande, Bjørn, i heile den landbrukspolitiske debatten i denne perioden her. Det er beklageleg, men det er realiteten.

Lødemel avviser at han er fråverande.

– Eg har stilt opp i alle debattar mot Per Hilleren og kven som helst andre når som helst. Og det som vi held på med no er eit godt bidrag på å klargjere ting. Folk får lov til å spørje. Eg stiller opp i dei debattane som kjem. Det trur eg ikkje Per Hilleren skal uroe seg så mykje for.

Hilleren gir stortingsrepresentanten anerkjenning for det, men vil ha meir.

– Ja, du stiller opp i debattar, og du skal ha takk for det. Men me vil sjå att litt handling av deg på «tinget» også, seier bondeleiaren.

Ikkje berre alvor

Frank Willy Djuvik, fylkesleiaren i Framstegspartiet, var også med i debatten for å svare for partikollega Listhaug og regjeringa sin landbrukspolitikk.

Og i ein debatt som varer rundt halvannan time, er det lov å kople av litt. Etter eige utsegn på radioen «datt han i fisk» i nokre korte sekund.

Laster Twitter-innhold

Høyr heile debatten og dei tre deltakarane sine tankar om jordbruksforhandlingane og framtida til landbruket i Sogn og Fjordane her:

Det vart ein heftig landbruksdebatt i studio mellom bondelagsleiar Per Hilleren, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre, og fylkesleiar i Framste

Programleiarar Eldgrim Fossheim og Gro Ravnestad.