Hopp til innhold

«Dei har kome med eit latterleg dårleg tilbod»

Bondelagsleiar Claus Moe er nådelaus mot staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Latterleg dårleg, tordnar Hafslo-bonden.

Claus Moe

LITE NØGD: Claus Moe tordnar mot staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret og kallar det latterleg.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Reaksjonane frå bøndene har ikkje lete vente på seg etter at regjeringa i dag la fram eit tilbod til bøndene på 150 millionar kroner. Bøndene sitt krav var 1,5 milliardar.

– Det er jo eit ganske dårleg tilbod. Det er nok langt under det vi vil godta i forhandlingar. Det er ikkje meir enn ti prosent av det vi bad om, og vi var ganske nøkterne i kravet, så det er jo ein provokasjon, meiner leiar i Hafslo bondelag, Clause Moe.

Over heile landet har det kome fram sterk misnøye med staten sitt tilbod, og Moe meiner at det er eit dårleg utgangspunkt for forhandlingar.

– Eg hadde kanskje forventa litt meir, for om dei har ønskje om eller tru på å få til ei forhandlingsløysing, så burde dei lagt seg litt høgare.

– Vil råke sauebøndene særleg

Moe meiner at særleg vil sauebønder, som det er mange av i Sogn og Fjordane, vere blant dei som blir hardast råka dersom staten sitt tilbod til bøndene blir ståande.

– Eg har rekna litt på det og sett det at for til dømes dei med sau, så er det berre dei med om lag 480 vinterfôra sauer eller meir som vil få ein netto auke i husdyrtilskotet sitt. Alle andre vil få mindre, hevdar Moe.

– Det er ikkje mange som har det i Sogn og Fjordane?

– Nei, og eg kan ikkje heilt sjå at det går an å halde fram med jordbruk i alle distrikt dersom ikkje regjeringa vil gje litt meir. Dei har kome med eit latterleg dårleg tilbod, meiner han.

Frank Willy Djuvik

HEILT USAMD: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner at bøndene har fått eit godt tilbod frå staten.

Foto: Torje Bjellaas

Frp-topp heilt usamd

Leiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti, Frank Willy Djuvik, er ikkje overraskande heilt usamd med Claus Moe og alle dei andre bøndene som i dag har synt sin vrede mot regjeringa.

– Dette er eit tilbod som legg opp til at landbruket i større grad skal profesjonaliserast og at norsk matproduksjon ikkje lengre skal utførast på dugnad og hobby. Det skal vere ei profesjonell og framtidsretta næring, seier Djuvik.

– Framtidsretta

Han peikar på at i tilbodet så ligg det inne at ein mellom anna fjernar grensene for bruksorganisering.

– No aukar vi kvotane slik at det er mogleg om ein ønskjer å gå saman, anten er fire, fem eller ti bønder for den saks skuld for å gjere investeringar. I tillegg så legg tilbodet opp moglegheita for at enda fleire bønder i Sogn og Fjordane kan investere i nye, framtidsretta fjøs slik at også dei kan auke sin produksjon, seier Djuvik.