Det seier fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund Oddgeir Lunde til avisa Firda.
– Uhaldbart
Han seier at han har fått mange tilbakemeldingar frå tillitsvalde om slike tilfelle, og at det ikkje handlar om sjeldne einskildtilfelle.
– Dette er ikkje haldbart i heile tatt. Ein blir beden om å spare, og då sparar ein på slike ting, seier Lunde.
– Grotesk påstand
Administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad, meiner dette er spekulative og groteske påstandar.