Hopp til innhold

– Dette hjelper ikkje Helse Førde

Arbeidarparti-ordførar Sonja Edvardsen er skuffa over framlegget til statsbudsjett frå si eiga regjering.

Sonja Edvardsen

HADDE VENTA MEIR: Eid-ordførar Sonja Edvardsen.

Foto: NRK

Helse Vest får 139 millionar kroner. Ein del av dette vil 15 millionar kroner gå til Helse Førde.

Ikkje eitt ord om lokalsjukehusa

– Dette er ikkje nok til å få ordna opp i den situasjonen som Helse Førde er i. Regjeringa har sagt veldig mykje om lokalsjukehus, men det er ikkje nemnt med eitt ord om korleis ein skal ein skal klare å styrke og bevare likeverdige tilbod gjennom å oppretthalde fullverdige sjukehus. Det er eg skuffa over i dag, seier Eid-ordføraren til NRK.

Helse Førde styrer mot eit underskot på 60 millionar kroner i inneverande år, og slit med etterslep frå tidlegare underskot. Sonja Edvardsen hadde håpa på eit skikkeleg løft for sjukehussektoren.

– Burde vore tydelegare

Edvarsen meiner framlegget til statsbudsjett har enkelte gode element i seg, og seier alle kronene som kjem til helseføretaka er positivt.

– Her er også klare styringssignal på at rusklinikken på Eid må komme i gang, og at ein skal få ned ventelistene på sjukehusa. Og då har vi ortopedien i Eid. Så eg har forventningar om at dette blir lagt inn i prioriteringa til Helse Vest.

Men ordføraren er likevel skuffa.

– Eg synest regjeringa kunne vore tydlegare på prioriteringa innanfor lokalsjukehusa. Det burde vore nemnt, seier Edvardsen.

Forventar rus-oppstart

– Det ligg inne fire millionar kroner til rus. Rusposten i Eid treng 15 millionar kroner. Er det kome nok pengar?

– Nok pengar blir det vel aldri, men det må vere nok pengar til at Helse Førde kan prioritere oppstart. Det ville vere meiningslaust viss vi skulle gå inn i 2011 med investeringa på ruspost, eit tilbod som unge brukarar i fylket sårt treng, utan å iverksetje tilbodet. Det må vente blir prioritert.