Hopp til innhold

Helse Vest får 139 nye millionar

Helse Vest får auka basisløyvinga si med 139 mill i statsbudsjettet for 2011.

Førde sentralsjukehus

FÅR PENGAR: Truleg kan Helse Førde vente seg nokre prosentar av dei 139 millionane som Helse Vest får i statsbudsjettet for 2011-

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dette tilsvarer ein aktivitetsauke på 1,4 prosent - og erfaringsmessig får Helse Førde 10 -12 % av desse løyvingane.

Ifølgje styreleiar Clara Øberg betyr det at Helse Førde får 15 millionar kroner.

Helse Førde har lagt opp til eit underskot på 60 millionar kroner i år.

Vil reduserer ventetidene

– Dette støttar opp under arbeidet med å auke kvaliteten ved sjukehusa våre, og vil vere eit viktig bidrag til redusere ventetidene, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i ei pressemelding.

Bakgrunnen for løyvingane er at regjeringa ønskjer å redusere ventetidene, og samstundes auke kvaliteten på sjukehusbehandling.

I framlegget til statsbudsjett for 2011 er forslaget å auke midlane til pasientbehandlinga i landet med 970 millionar kroner.

Slik fordeler dei pengane

– Frå vår side har dette vore ei medvite satsing. Både for dei som ventar på behandling og for resten av samfunnet, er det viktig at ventetida fram til behandling blir så kort som mogleg. Ingen er tente med at folk ikkje kan jobbe eller er avhengige av hjelp over lang tid, seier Strøm- Erichsen.

Samla vert det føreslege 970 millionar kroner meir til drift samanlikna med saldert budsjett for 2010. Beløpet fordeler seg slik:

  • Generell vekst i pasientbehandlinga på om lag 1,4 prosent: 930 millionar kroner
  • Tilbud om utvida nyføddscreening: 15 millionar kroner
  • Pilotprosjekt screening kreft i tjukk- og endetarm: 25 millionar kroner

Sogn og Fjordane får også fire millionar kroner til opptrappingsplanen for rus.