– Dette er veldig stort for meg

Andrea Santiago Stønjum frå Måløy vart nummer to i den populære songkonkurransen «The Voice» på TV2. No vil ho leve av musikken.

Andrea Santiago Stønjum

NØGD: Andrea Santiago Stønjum er svært nøgd med at ho vart nummer to.

Foto: TV2

– Eg har i alle fall funne ut at dette er noko eg vil satse på, seier ein fornøgd måløyværing på veg heim etter finalen i Oslo laurdag.

Med songen «Halo» av den amerikanske artisten Beyoncé imponerte Stønjum dommarane, og hausta svært gode tilbakemeldingar.

Sjølv seier ho at andreplassen er langt over kva ho hadde forventa.

– Det veldig stort, og eg er veldig fornøgd. Eg hadde eigentleg ingen slike forventningar i det heile teke, seier Tønjum.

Vil leve av musikken

Når ho no tek turen heimover, kjenner sekstenåringen at det er litt vemodig å vere ferdig med den store songkonkurransen. Det blir rart å skule gå på skulen igjen på måndag.

Morten Harket var tidlig ute med å vise interesse for miljøet.

IMPONERT: Morten Harket og dei andre dommarane var imponerte av Andrea Santiago Stønjum.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Eg har jo trass alt vore med på dette i sju veker, så det blir veldig rart å ikkje skulle vere med lenger. Eg har også gått glipp av ein god del skule, så eg ligg nok litt bak resten av klassen der.

No gler ho seg veldig til juleferie, men ho er også klar på kva ho vil gjere vidare.

– Eg vil satse på musikken, eg trur det er noko eg kunne tenkt meg å leve av. Eg har faktisk allereie fått fleire førespurnader frå ulike folk, så eg må tenke over og vurdere kva eg skal gjere. At eg vil drive meir med musikk er i alle fall heilt klart.

Har knytt tette band

Når det no er over, etterlet «The Voice» seg eit tomrom i kvardagen til Tønjum. Ho seier det blir rart å ikkje ha øvingar kvar dag, og ikkje minst kjem ho til å sakne dei andre deltakarane.

– Vi har knytt veldig tette band til kvarandre, så det er faktisk veldig kjensleladd å skulle reise frå dei. Eg håpar vi klarer å halde kontakten no når vi går kvar til vårt.