– Dette er stort!

Marit Årdalsbakke frå Jølster sette i dag ny norsk rekord under EM i vektløfting i Georgia, då ho greidde 92 kilo rykk i 64-kilosklassen. Med det slo ho den norske rekorden med 4 kilo. Ho sette også ny, norsk samanlagtrekord. Årdalsbakke tilhøyrer Tambarskjelvar IL – Dette er stort. Norske rekordar i EM er veldig bra, supert at Marit klarte alle tre rykka sine. Her er det gode moglegheiter i åra framover, kommenterer NVF-president Stian Grimseth til NRK.

Marit Årdalsbakke
Foto: Stian Grimseth