– Dette er miljøkriminalitet

Raudt Sogn og Fjordane kallar Nordic Mining sitt gruveprosjektet i Engebøfjellet for miljøkriminalitet. Natur og Ungdom har varsla at dei kjem til å ty til sivil ulydnad dersom Nordic Mining får eit ja til å setje i gang drift av prosjektet. Partiet Raudt skriv i ei pressemelding at dei støttar slik sivil ulydnad fullt ut.