Hopp til innhold

Dei har lange, hektiske, men eventyrlege dagar

HAUGEN (NRK): Dei første bøndene er godt i gang med årets førsteslått. – Eg har drive med dette i 40 år og har aldri opplevd maken, strålar Bjørn Haugland.

Vidar Haugland, Bjørn Haugland, Ole Jørgen Haugland, Runar Haugland.

INGEN LJÅ: Med kring 60 mjølkekyr må det meir enn ljå til for å få slåtten i hamn. – Det er klart at vi må ha det slik om vi skal nå over 800 mål på fem dagar. Då må vi ha utstyr, seier Bjørn Haugland (nummer to frå venstre). Her saman med Vidar Haugland (f.v.), Ole Jørgen Haugland og Runar Haugland.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er hektiske dagar for bøndene i Eid – og for så vidt i resten av fylket. Like før helga kom dei første bøndene i gang med slåtten.

Hos Hjalma samdrift på Haugen er 10–12 maskiner godt i gang med slåtten.

– Det er mykje arbeid, men dette er kremen med det å vere bonde. Når du får slike avlingar, så flott fôr, så fint vêr og slike forhold å få det inn under. Det er eit eventyr, strålar Bjørn Haugland.

60 mjølkekyr

Ole Kristian Aasen

ROSA: – Det er greitt med litt forandring i kvardagen, og så støttar du ei god sak, seier Ole Kristian Aasen om dei rosa rundballane.

Foto: Harald Kolseth

Traktorar, hjullastarar, fôrhaustarar og det som trengst av utstyr går for tida i eitt for å hauste inn fôr til dei kring 60 mjølkekyrne i samdrifta.

– Ei kyr et kring 50–60 kilo for dagen, og gangar du det med 365 dagar så får du kor mykje grovfôr ei kyr treng for året, humrar Haugland – vel vitande om at reknestykket gir kring 20 tonn til svar.

Og forholda siste dagane har vore perfekte til den slags arbeid. Då veit også sommarkledde bønder å nytte tida.

Mange lange dagar

– Det er ikkje gale slike dagar, med fint vêr og når alt fungerer. Men det blir lange dagar. Når du først byrjar å slå, så blir det frå 08 til 23, seier Vidar Haugland.

Med det sommarvêret som har vore siste veka får fôret endåtil tørke før det blir jamna og pressa saman i plansiloen.

– Det er kjempeviktig i dette. Vi likar ikkje å køyre etter vatnet, smiler Haugland og konstaterer at graset har fått gode vekstkår siste veka.

– Vatnet kom førre helg, så kom tørken slik at det vart ferdig fort, seier han.

– Det har ikkje vakse for fort?

– Det blir spennande å sjå kva fôrkvaliteten er, men det ser bra ut no.