Kultursjef i Førde, Håkon Fimland, seier at kommunen er innstilt rehabilitere det gamle kulturminnet frå 1894.
Skulefritidsordning
Førde barneskule har husa skulefritidsordninga i Førde. Tretti elevar og tre lærarar har hatt fast tilhald i det gamle bygget frå 1894. Mange i Førde sørgjer med elevane og lærarane over det høgt skatta kulturminnet som vart delvis øydelagt i går.
Førde barneskule starta opp i 1838 og heldt til i ulike bygg i Førde sentrum fram til nyeskulen vart bygd i 1894. (Sjå meir om den gamle barneskulen i Førde.) Det var denne staselege trebygningen som vart hardt brannskadd i går. Sjølv om han var ein stor skulebygning for si tid, vart han likevel snart for liten, og det vart bygd på ei høgd i 1921. Huset fekk då den forma det har i dag.
Viktig kulturminne
Førde kommune er innstilt på rehabilitera det gamle kulturminnet frå 1894 dersom det er mogleg, seier kultursjef Håkon Fimland i Førde. – Gamleskulen er ein av dei viktigaste kulturhistoriske bygningane vi har att i bygda, seier Fimland.