SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Førde

Undervisning ved Førde ungdomsskule. (Foto: NRK)
Undervisning ved Førde ungdomsskule. (Foto: NRK)
Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld (Naustdal og Førde kommunar), den såkalla skulefundasen, vart sette opp i 1743.

Publisert 29.08.2001 12:45. Oppdatert 23.05.2007 11:14.
Prestegjeldet fekk fire skuledistrikt, og med sju lokalkrinsar for omgangsskule. Dei åtte omgangsskulelærarane skula på denne tida omlag en månad i kvar gardskrins.

Fastskule på Falkenstein

Den første faste skulen kom i gang hos lensmann Johannes Falch på Falkenstein i 1838. Frå 1844 heldt skulen til i tingstova i Sjøahola.

Gamleskulen frå 1894 og deler av nyeskulen i Førde sentrum. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2002)

Nytt skulebygg i 1894

(Foto:NRK © 2003)
I 1894 sto eit nytt skulebygg stod ferdig. Seinare vart det bygt ein større skule like ved. Bygget frå 1894 ved Kyrkjevegen var i bruk av skulefritidsordninga heilt fram til 2003 då loftetasjen og deler av andre høgda vart totalskadd i brann. Førde kommune har planar om å byggje opp att skulen.

I 2007 vart ein ny skulebygning teken i bruk på tomta etter skulebygget frå 1894. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Ein skule i sentrum til 1974

Fram til 1974 var det berre ein grunnskulekrins i Førde sentrum. I 1974 vart Halbrend barneskule bygd. I 1994 kom så Slåtten skule. I 1998 kom Flatene skule, som tek dei yngste elevane frå søre bydelar, medan Halbrend skule er omgjort til ungdomsskule og skule for dei eldste i barneskulen.

Privat mellomskule i Førde

I 1917 vart det starta 2-årig mellomskule i privat regi. Frå 1930 heitte den Førde framhalds- og mellomskule. Både denne og barneskulen heldt til i skulebygget frå 1894 i Kyrkjevegen.

Mo Jordbruksskule

Den andre jordbruksskulen i Sogn og Fjordane, grunnlagt i 1858.

Amtsskulen i Førde

Amtsskulen var i Førde 1886-1891 med E.M. Hole som lærar.

Sunnfjord Ungdomsskule

Starta i Naustdal i 1902 etter initiativ frå haugianaren Torbjørn Horten frå Aurland.

Ungdomsskulen i Førde

Ungdomsskulen i Førde kom i gang 1971.

Førde Metallfagskule

Grunnlagt 1935. Skulen hadde 14 elevar første året, og vart offisielt kalla Sogn og Fjordane Metallfagskole frå 1937.

Sogn og Fjordane Husstellskule

Husmorskulen vart starta i 1947 i Sivertsens Hotell i Førde, og flytta i 1957 inn i nybygg på Prestebøen.

Fylkesyrkesskulen i Førde

- sjå Førde Metallfagskule.

Gymnas og handelsskule i Førde

Handelsskulen starta i 1965, og gymnaset i 1970.

Førde Tekniske Fagskule

To-årig skule starta i 1968 etter initiativ frå rektor Erling Laberg ved Førde Yrkesskule.

Sjukepleiarhøgskulen i Førde

I samband med opninga av Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i 1979, vart det starta sjukepleiarhøgskule i eit bygg like ved sjukehuset.

Ingeniørhøgskulen i Førde

I 1988 vart Ingeniørhøgskulen i Førde skipa som avdeling under Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Bedriftsøkonomisk Institutt (BI)

oppretta 1-årig grunnstudium i Førde i 1991. BI heldt til i Concord-bygget fram til 2000, då avdelinga vart lagt ned.

Hafstad vidaregåande skule

- sjå Gymnas og handelsskule i Førde.
Hafstad vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Øyrane vidaregåande skule

- sjå under Førde Metallfagskule.
Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Sunnfjord Folkehøgskule

- sjå Sunnfjord Ungdomsskule.

Pedagogisk servicesentral

Forsøksrådet for skuleverket skipa kring 1970 såkalla pedagogiske servicesentralar i spreiddbygde nynorskdistrikt. PTK-kontoret for indre Sunnfjord vart plassert i Førde.

Førde Norsksenter

er ein kommunal skule der asylsøkjarar og innvandrarar får norskopplæring. Skulen vart skipa i 1999, og har (2002) kring 90 elevar og 7 fast tilsette lærarar pluss ekstrahjelp.
I 2002 finst liknande skular for norskopplæring i Florø, Stryn. Gloppen, Sogndal og Aurland.

Holsen skule. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Dagens kommunale barne- og ungdomsskular:

Førde ungdomsskule (8.-10.kl.) 308 elevar
Førde barneskule (1.-7.kl.) 218 elevar
Halbrend b. og u.skule (5.-10.kl.) 356 elevar
Flatene barneskule (1.-4.kl.) 276 elevar
Slåtten skule (1.-7.kl.) 382 elevar
Frøysland skule (1.-7.kl.) 15 elevar
Holsen skule (1.-7.kl.) 25 elevar
Sunde skule (1.-7.kl.) 41 elevar
Karstad skule (1.-7.kl.) 22 elevar
Angedalen skule (1.-7.kl.) 37 elevar

Slåtten skule har stort leikeområde.
Flatene skule er nyaste skulen i Førde.


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no