– Breheimsenteret skal opp att

Breheimsenteret i Jostedalen skal byggjast opp att og stå ferdig i god tid til 20-årsjubileet.

Brann i Breheimsenteret

BRANN NED: Breheimsenteret skal byggjast opp att som det var.

Foto: Frank Optun Smedegård

Det seier styreleiar Svein Norberg til Sogn Avis. Opplevingssenteret i Luster låg på kort tid i ruinar då flammane byrja å herje seint på kvelden 28. juli .

Branntomta på Breheimsenteret i Jostedal

RUINAR: Berre ruinane stod att etter brannen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Når det no skal førast opp att, skal det vere i same arkitektur som det gamle.

– Det er naudsynt å byggje det opp att. Det var eit karakteristisk bygg og ein arkitektur som alle likte og som fungerte, seier dagleg leiar Peder Kjærvik til NRK.no.

Travlaste tida

Breheimsenteret i Luster

OPP ATT: Slik såg Breheimsenteret ut før det vart råka av brann.

Kjærvik seier ein aldri vurderte noko anna arkitektur då det vart klart at bygget skulle reisast opp att.

Brannen råka midt i den travlaste turistsesongen , noko som gjorde at senteret måtte få på plass mellombelse løysingar for å ta seg av allereie booka turar og oppgåver.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 84420f18-a4cd-46a8-9cf8-ba163ad6214d.JPG

Breheimsenteret brann ned

– Etter tilhøva har det gått fint. Vi hadde, og har, ein del forpliktelsar å ta oss av. Det er liksom ikkje berre å ringe å gje dei beskjed om å finne seg noko anna, seier han til NRK.no.

Brann starta inne

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier til Sogn Avis at politiet er sikre på at brannen starta inne på senteret. Dei utelukka at lynet slo ned i bygget, og at høgspentlina har medverka til brannen.

Dei vil no undersøkje om brannen kan skuldast overspenning på lågspenten.

– Vi kan seie nokolunde sikkert at brannen starta inne i bygget og kva del av hovudetasjen han starta, seier han til avisa.

Video Breheimsenteret brann ned til grunnen

Brann ned til grunnen