Følling fryktar dei andre kommunane skal misse viktige funksjonar.
- På meg verkar det slik at dersom ein går inn, skal alt vere i Førde.
Også innbyggjarane i dei andre Sunnfjordkommunane fryktar førdedominansen. Mange er difor eininge med Rv-aren Hans Jakob Reite når han snakkar om arrogante Førde-politikarar:
"Men lukta av urban arroganse den skal dåke farken ikkje ta meg på".
Også Gaulværingen Arild Horsevik har eit godt råd til dei som no ivrar for ein storkommune.
Ein ting eg har lært meg i samband med eventuelle samanslåingar, er at alle partar må vere audmjuke, seier han.
Horsevik trur det er lite engasjement rundt kommunesamanslåing fordi mange av innbyggjarane i kommunane har gjort opp si meining, og har eit klart standpunkt før ein no går til val.
Få trur det blir ei kommunesamanslåing etter valet 15 september. Men Jonny Følling har følgjande råd til Førde-politikarane dersom dei vil ha dei andre kommunane med på laget:
Viss dei vil ha eit ja-fleirtal så bør dei kanskje ikkje slamre med dørene så voldsomt.