Kysten får ikkje omstillingsmidlar slik dei gjer i Årdal og Høyanger, understreka Andenæs. Han trur kysten får mindre politisk merksemd fordi folk her bur meir spreidd i mindre samfunn.
Det bekymrar også banksjefen at samansetninga av befolkninga på kysten er eldre enn i resten av fylket.
Fiskerinæringa treng betre rammevilkår
Kystnæringane treng betre rammevilkår.
Bekymringa til Arvid Andenæs kom til uttrykk i eit møte med visesentralbanksjef Jarle Bergo i Førde i går – eit møte der også politikarar, næringslivstoppar og byråkratar var til stades.
Andenes seier det er viktig å sikre gode rammevilkår for fiskerinæringa slik at lønsemda både på flåte og industri blir betre.
– Vi treng fiskerinæringa, vi treng oppdrettsnæringa og vi treng levedyktige bedrifter på kysten – det er det viktigaste av alt, seier bankdirektøren.
Stiller spørsmål ved storsatsingane
I føredraget sitt peika Andenæs på at det må stimulerast til fleire nyetableringar i fylket. Tal som banken har henta inn, viser at det er planar for investeringar på rundt tre milliardar kroner i Sogn og Fjordane no. Mellom dei er Scanwafer i Årdal, Campus Fosshaugane, kraftutbygginga i Kjøsnesfjorden og sentralsjukehuset dei største. Andenæs stiller spørsmål ved om vi har nok å fylle alle bygga med.
For få år sidan var den sterke krona eit problem for den eksportretta industrien i fylket. Andenæs vil ikkje gje nokon gode råd til hovudgjesten Jarle Bergo og Noregs Bank - men er glad for den linja dei fører.
Avhengig av stabil kronekurs
Jarle Bergo. Foto Scanpix.
– Stabil kronekurs er heilt avgjerande for eit eksportfylke som Sogn og Fjordane, seier Andenæs.
Og Bergo lovar å gjere så godt dei kan for å halde situasjonen stabil.
– Det vi meiner å kunne garantere er å halde ei låg og stabil prisstiging i landet, i tråd med inflasjonsmålet på 2,5 prosent, og det trur vi òg er viktig for ei stabil krone, seier Bergo.