Hopp til innhold

– Tragedien 22. juli skapar endringar det ikkje er grunnlag for innan justissektoren

Tragedien 22. juli skapar endringar innan justissektoren det ikkje burde vere grunnlag for – det meiner juristar og dommarar.

Bevæpnet politimann i regjeringskvartalet 22. juli

KAN BLI STORE ENDRINGAR: Som ei følgje av Gjørv-kommisjonen sin rapport etter hendingane 22. juli, kan lensmannskontor bli nedlagde og politidistrikt forsvinne.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

Terje Mowatt, sorenskrivar i Fjordane tingrett.

UROA: Tingrettsdommar Terje Mowatt i Førde fryktar for følgjene om det blir ei stor sentralisering.

Foto: NRK

Som ei følgje av Gjørv-kommisjonen sin rapport kan lensmannskontor bli nedlagde og politidistrikt forsvinne. I tillegg kan domstolar og brannvern bli sentralisert. Tingrettsdommar Terje Mowatt i Førde fryktar følgjene.

– Det har gått mykje lengre enn det som det var grunnlag for. At hendinga i det mest sentrale området i landet skulle generere endringar i Sogn og Fjordane, er det ingen logikk i, seier han.

– Blir brukt for gigantisk sentralisering

22. juli 2011 small bomba i regjeringskvartalet i Oslo, knappe to timar seinare starta skytinga på Utøya. I alt mista 77 menneske livet i angrepa. Gjørv-kommisjonen sin rapport avdekka at styresmaktene svikta i å beskytte sine borgarar og at beredskapen kunne vore betre.

Men sjølv om bomba small midt i Oslo, merkast følgjene av nye krav til politi og beredskap over heile landet – meir enn det burde vore grunnlag for, meiner Terje Mowatt som er leiar for Fjordane tingrett.

– Frå min ståstad ser ein at hendingane er brukt for å få fram ei gigantisk sentralisering. Ting fungerer godt i Sogn og Fjordane og det er viktig at det som fungerer ikkje blir øydelagd. Når vi ser på det som blir oppnådd i Sogn og Fjordane politidistrikt, mot til dømes oppklaringsprosenten i Hordaland, kan eg ikkje sjå nokre fordelar for fylket at politidistriktet blir lagt ned.

Kan komme store endringar

Fleire rapportar i etterkant av hendinga 22. juli tilrår sentralisering innan politi, domstolar og beredskap.

Politidistriktet vil forsvinne, 151 lensmannskontor kan bli lagt ned, alarmsentralar til brann og redning skal bli større einingar. Nyleg sende regjeringa ut brev til alle domstolar der dei ber om innspel til strukturendringar, også der blir det vist til 22. juli og den påfølgande Politianalysen.

Fryktar det går på bekostning av andre oppgåver

Jørn Lasse Førde Refsnes

Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes er kritisk til at viktige funksjonar kan forsvinne innan justissektoren.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Kjedereaksjonen vekkjer merksemd også i politiet. Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes er kritisk til at viktige funksjonar kan forsvinne frå eit heilt fylke.

– Det er klart at rapporten til Gjørv-kommisjonen og bakgrunnen for den som var 22. juli-hendinga, har stor betydning. Det er det som dannar grunnlag for den prosessen vi er inne i no.

– Eg fryktar at beredskapstankegangen blir sett sånn i sentrum at det går på bekostning av andre viktige oppgåver i justissektoren, seier Refsnes.

Meiner dei tek feil

Jan Arild Ellingsen

TRUR DET BLIR MEIR STRAUMLINJEFORMA: Stortingsrepresentant Jan Arild Ellingsen frå Frp meiner det er naudsynt med endringar.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Men regjeringspartia meiner det er på sin plass med store endringar. Stortingsrepresentant Jan Arild Ellingsen frå Framstegspartiet sit i justiskomiteen på Stortinget og meiner dei ikkje strekk hendinga 22. juli for langt.

– Etter mitt skjøn tek dei feil der. Samstundes vil det vere totalt uakseptabelt å ikkje respondere på dei avsløringane som 22. juli gav oss når det gjaldt svikt i systema, seier han.

Men Ellingsen seier dagens justisminister ønskjer ein meir straumlinjeforma organisasjon.

– Han ønskjer færre politidistrikt, men er oppteken av at oppgåvene først skal avklarast før vi endar opp med geografi. Ein politisk debatt som blir styrt av postnummer er alltid ein dårleg debatt.

Men Førde Refsnes viser til at det var beredskapen i landets mest folkerike område som svikta 22. juli.

– Vi kan spør oss om det svikten som blei oppdaga ved 22. juli-hendinga, skal omkalfatre heile politi-Norge og til dels utarme polititilbodet i distrikta på andre felt, seier Refsnes.