Geologen seier nordsida av Dalsfjorden er bratt og at området austover frå Eikenestunnelen er stygt på mange måtar. Det er gjort mykje sikring her, meir enn det som er vanleg.
– Kanskje burde tunnelen vore forlenga med 250–300 meter, det kan vi seie. Men no er det sikra så mykje, at det skal vere trygt her også, seier Øystein Grimstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tre nye punkt skal sikrast
Det er no gjort undersøkingar på staden og det vart funne tre punkt på den 700 meter lange strekninga som det vil bli gjort rassikringstiltak på snarast.
– Det er tre punkt der vi ønskjer tiltak relativt raskt. Det er ikkje så kritisk at det vil komme steinar i dag eller i morgon, men når det kjem frost og tele veit vi at dette kan forandre seg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Arbeidet startar opp att
Arbeidet på strekninga har vore stansa i ei veke etter at entreprenør NCC meinte det var utrygt å jobbe i området på grunn av ras og rasfare. I dag startar arbeidet opp att.
Grimstad meiner at det sikringsarbeidet som er gjort, gjer at vegen er like sikker som andre vegsamband på Vestlandet
– Når dette er gjort, så ser vi på strekninga som rassikker. Den er like trygg som andre riksvegar i Sogn og Fjordane.
Dalsfjordsambandet er kostnadsrekna til om lag 900 millionar kroner og skal stå klart til bruk til hausten neste år.